Fribourg (fransk; på tysk Freiburg im Üechtland eller berre Freiburg) er ein by i kantonen Fribourg i Sveits. Byen har eit areal på 9,3 km2, og hadde 34 490 innbyggarar i 2009. Fribourg er hovudstad i kantonen ved same namn, og i distriktet Sarine. Byen ligg ved elva Saane. Bysentrum ligg 610 meter over havet.

Fribourg/Freiburg
Horisonten til Fribourg/Freiburg
Horisonten til Fribourg/Freiburg
Kommunevåpenet til Fribourg/Freiburg
Kommunevåpenet til Fribourg/Freiburg


Plassering
Fribourg is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Fribourg
Distrikt Sarine
Språk fransk og tysk
Borgarmeister Pierre-Alain Clément
Geografi
Flatevidd
 - kommune

9,32 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

34 897
  3 744,3 /km²
Koordinatar 46°48′0″N 7°09′0″E / 46.80000°N 7.15000°E / 46.80000; 7.15000
Høgd over havet 610 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1700
Nettstad: www.ville-fribourg.ch
Utsyn mot Fribourg

Byen vart grunnlagd i 1157 under Berchtold IV von Zähringen. Tida 1277-1452 låg han under habsburgarane. I 1482 vart byen teken opp i Det sveitsiske eidsforbundet. Fribourg vart biskopssete i 1613, etter på 1500-talet å ha vore eit sentrum for motreformasjonen.

Fribourg er eit viktig økonomisk, administrativt og lærdomssenter i grenselandet mellom fransk og tysk kultur og samfunn i Sveits. Gamlebyen er ein av dei best bevarte i Sveits.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Fribourg frå Wikivoyage