Frieda Dänzer (16. november 193121. januar 2015) var ein skirennar frå Adelboden i Sveits. Ho vann den alpine kombinasjonen (slalåm/utfor) under verdsmeisterskapen i 1958, og tok til saman fem medaljar under Vinter-OL 1956 og 1958-meisterskapen.

Frieda Dänzer
Statsborgarskap Sveits
Fødd 16. november 1931
Adelboden
Død

21. januar 2015 (83 år)

Yrke alpinist

Aktiv endre

Dänzer fall i januar 1950 og pådrog seg et komplisert brot i høgrebeinet, ein skade det tok eit halvt år å lækje. Ho kom snøgt tilbake på det sveitsiske landslaget, men fekk ikkje plass i VM-troppen til verdsmeisterskapen 1954 i Åre, trass i at ho like før VM hadde vorte sveitsisk meister i utfor i Wengen.

Under Vinter-OL 1956 Cortina d'Ampezzo vann Dänzer sølvmedaljen i utfor bak landskvinna Madeleine Berthod. Også i den alpine kombinasjonen i tok ho sølv i 1956, det var då ei VM-øving. To år seinare vart Dänzer den store utøvaren mellom dei kvinnelege alpinistane under alpin-VM 1958 i Bad Gastein. Ho tok medalje i tre av dei fire greinene, og vart verdsmeister i kombinasjonen. I utfor fekk ho sølv bak Lucille Wheeler frå Canada, same Wheeler vann også storslalåmtevlinga der Dänzer kom på bronseplass.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre