Friedrich Carl Alwin Pockels

tysk fysikar

Friedrich Carl Alwin Pockels (18651913) var ein tysk fysikar. Han var fødd i Italia og tok doktorgrad ved Universitetet i Göttingen i 1888 og frå 1900 til 1913 var han professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Heidelberg.

Friedrich Carl Alwin Pockels
Statsborgarskap Hertugdømmet Braunschweig
Fødd 18. juni 1865
Vicenza
Død

29. august 1913 (48 år)
Heidelberg

Yrke fysikar, universitetslærar, krystallograf
Språk tysk

I 1893 oppdaga han at eit stasjonært elektrisk felt påført visse dobbeltbrytande material får brytingsindeksen til å variere, tilnærma proporsjonalt til styrken til feltet. Proporsjonalitetskoeffisienten er av orden 10×10−10 V−1 til 10×10−12 V−1. Dette fenomenet vert no kalla Pockels-effekten.

Systera hans Agnes Pockels (1862-1935) var òg fysikar.

Kjelder endre