Friesland i Nederland

Friesland (vestfrisisk Fryslân) er ein provins nord i Nederland og ein del av den større regionen òg kalla Friesland. Namnet på vestfrisisk er Fryslân, som har vore det offisielle namnet sidan 1997. Provinsen har om lag 640 000 innbyggjarar og adminstrasjonssenteret er Leeuwarden (Ljouwert), med om lag 90 000 innbyggjarar.

Friesland
Provincie Fryslân
Provinsje Fryslân
provins
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Hovudstad Leeuwarden
Areal 5 748,74 km²
Folketal 649 944 (1. januar 2020)[1]
Kart
Friesland i Nederland
53°10′00″N 5°40′10″E / 53.166666666667°N 5.6694444444444°E / 53.166666666667; 5.6694444444444
Wikimedia Commons: Friesland

Friesland skil seg frå dei andre elleve provinsane ved at han har sitt eige språk, vestfrisisk, som òg vert nytta i ein mindre del av provinsen Groningen i aust.

Friesland er hovudsakleg ein jordbruksprovins og er kjend for det svarte og kvite frisisk kveg og den svarte frisiske hesten som hadde opphavet sitt her. Turisme, hovudsakleg i innsjøane i sørvest og Dei vestfrisiske øyane i Vadehavet i nord, er òg ei viktig næring.

Provinsen er kjend for alle skeiseløparane som kjem her frå og for skeising på kanalane når vêret er kaldt nok. Då vert som regel det 200 km lange Elfstedentocht («ellevebyarsløpet») halde. Området har totalt 195 vindmøller av 1200 i heile landet.

Geografi endre

I aust er provinsen Friesland avgrensa av provinsane Groningen og Drenthe, i sør av Overijssel og Flevoland, i sørvest av innsjøen IJsselmeer, i vest og nord av Vadehavet. Friesland er knytt til Noord-Holland gjennom Afsluitdijk.

Til provinsen høyrer òg vadeøyar: Flylân (Vlieland på nederlandsk), Skylge (Terschelling på nederlandsk), It Amelân (Ameland på nederlandsk) og Skiermûntseach (Schiermonnikoog på nederlandsk).

Friesland er i lag med Drenthe den tynnast folkesette provinsen i Nederland.

Byar endre

 
Elfstedentocht passerer alle elleve byane i Friesland

Store byar endre

 
Frisisk fe

Kommunar endre

  1. Achtkarspelen
  2. Ameland
  3. Dantumadiel
  4. De Fryske Marren
  5. Dongeradeel
  6. Ferwerderadiel
  7. Harlingen
  8. Heerenveen
  9. Kollumerland c.a.
  10. Leeuwarden
  11. Ooststellingwerf
  12. Opsterland
  13. Schiermonnikoog
  14. Smallingerland
  15. Súdwest-Fryslân
  16. Terschelling
  17. Tytsjerksteradiel
  18. Vlieland
  19. Waadhoeke
  20. Weststellingwerf

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Friesland i Nederland