Friidrettsutøvaren Thor Solberg

Thor Solberg (fødd 16. mai 1938) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen. I tida frå 1962 til 1967 vann han fire gullmedaljar i noregsmeisterskap, fordelt på 800 meter og 3 000 meter hinder. Han var medlem i TIF Viking.

Thor Solberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1938 (85 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Frå 1962 til 1964 var Solberg ein av landets beste 800-meterløparar. I 1961 sette han personbeste med 1.53,2. Sommaren 1962 vart han norsk meister på distansen, han stod også for norsk årsbeste med tida 1.51,5. Året etter forsvarte han den nasjonale meistertittelen på 800 m og han forbetra bestetida si til 1.50,2. Sitt livs beste 800-meter sprang han 1. juli 1964 på Bislett stadion i Oslo, i landskampen mot Be-Ne-Lux-landa vart han andremann på 1.49,3. Med tida 3.46,4 stod han for norsk årsbeste også på 1500 meter.

Frå 1965 satsa Solberg på 1500 m og særleg 3000 meter hinder. På tampen av september 1965 sette han i Beograd personbeste i hinder på 8.53,6. 1966-sesongen presterte han 3.46,3 og livsbeste på 1500 meter. 20. september 1966 forbetra han den ti år gamle noregsrekorden på 3000 meter hinder med 2 sekund til 8.40,4 på Bislett stadion, Ernst Larsen hadde den gamle landsrekorden. På same bana den 23. august 1967, i landskamp mot Be-Ne-Lux, sikra Solberg og Arne Risa norsk dobbeltsiger. Solberg slo Arne Risa med 0,4 sekund og flytta sin norske hinderrekord til 8.38,4. Eit knapt år seinare tok Risa over som norsk rekordhaldar på 3000 m hinder.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1961 i Bergen: Sølvmedalje på 800 m
  • 1962 i Drammen: Gullmedalje på 800 m
  • 1963 i Trondheim: Gullmedalje på 800 m
  • 1964 i Gjøvik: Sølvmedalje på 1500 m
  • 1966 i Bærum: Gullmedalje på 3000 m hinder
  • 1967 i Trondheim: Gullmedalje på 3000 m hinder

Kjelder endre