Frisk Luft er ein norsk gospelkvartett som består av Arnold Børud, Rune Larsen, Ivar Skippervold og Kjell Fjalsett. Gruppa har m.a. delteke i fleire fjernsynsprogram med NRK.

Frisk Luft
OpphavHamar
Aktiv1972 - 1975, 2000 -
SjangerGospel
PlateselskapPolydor, Master Music
MedlemmerArnold Børud
Ivar Skippervold
Rune Larsen
Kjell Fjalsett

Historie endre

Gruppa vart starta opp i 1972 under namnet Frisk Luft (mot åndelig forurensning) etter ein spontankonsert under ein gospelfestival på Hedmarktoppen i Hamar. Dei fire medlemmene hadde alle starta med eigne karrierar innan kristeleg musikk, og kvartetten vart difor omtalt som den fyrste norske supergruppa med kristen profil.

Gruppa fekk raskt platekontrakt med Polydor. Debutplata deira, Gospel Live forsøkte å attgje stemninga frå ein gospelkveld. Arnold Børud sitt gospelkor Tvers song også på plata, som vart temmeleg improvisert. Produsent var Johnny Sareussen. Oppfylgjaren Frisk Luft 2 (1975) kom på same plateselskap med same produsent 3 år seinare. Frå og med denne plata har gruppa berre kalla seg Frisk Luft.

Etter utgjevinga av Frisk Luft 2 vart gruppa midlertidig oppløyst, og medlemmene vart opptekne med solokarrierar. I 2000 gjorde gruppa comeback med plata Lifetime Friends. Etter dette har gruppa opptrådt med ujamne mellomrom, og gjeve ut to plater til; I'll Never Find Another You (2004) og samleplata Allsanger og gospelhits fra 70-tallet (2008). Etter comebacket har Arnold Børud stått som produsent, og sønene hans Thomas Børud og Ole Børud har hjelpt til musikalsk.

Diskografi endre

Kjelder endre