Fritz Kreisler

austerriksk komponist

Fritz Kreisler (2. februar 187529. januar 1962), opphavleg namn var Friedrich Kreisler, var ein fiolinist og komponist av austerriksk avstamming. Han vart fødd i Wien av romersk-katolsk mor og jødisk far og døydde i New York i USA som statsborgar av dette landet. Dei mest kjende verka hans er «Liebesleid» og «Liebesfreud» for fiolin og piano.

Fritz Kreisler

Fødd2. februar 1875
FødestadWien
Død29. januar 1962 (86 år)
DødsstadNewYork–Presbyterian Hospital, New York by
OpphavAusterrike, Austerrike-Ungarn, USA
Aktiv1903–1962
Sjangeropera, klassisk musikk
Instrumentfiolin
PlateselskapRCA Victor
Verka somkomponist, fiolinist
PrisarEhrenring der Stadt Wien, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Fritz Kreisler var ein gåverik gut som vart elev ved Konservatoriet i Wien (Konservatorium der Gesellschaft der Musikfreunde) allereie i 1882 som sjuåring, og vart uteksaminert med gullmedalje som tiåring. Han reiste deretter til Paris for vidare studiar og musikalsk arbeid. I 1887 vann han den høgste utmerkinga, fyrsteprisen, ved Konservatoriet i Paris i ein alder av berre 12 år. Som 14-åring reiste han på sin fyrste turné til USA saman med den amerikansk-austeriksungarske pianisten Moriz Rosenthal. Etter å ha kome attende til Europa, studerte han kunst og medisin (faren hans var lege), og var eitt år i den austerrikske hæren. Men musikken var likevel hans hovudinteresse og yrke, og han tok opp den musikalske karrièren att med ein turné til Russland i 1896.

I 1898 vart han godt motteke i Berlin i Tyskland og var der til han returnerte til USA i 1900. I 1902 gjesta han Storbritannia for fyrste gong. Dette var òg året då han gifta seg med Harriet Lies.

Etter å ha vore ei tid i USA, slo han seg i 1924 ned i Berlin. Men frå 1933 ville han ikkje arbeide i Tyskland. Han vart fransk statsborgar frå 1938 før han reiste for godt til USA, og der fekk han amerikansk statsborgarskap i 1943.

Kreisler var den siste komponerande «fiolinhelt»-virtuosen som reiste på store konsertturnear og spelte sine eigne komposisjonar. Andre kjente fiolinistar i same tradisjonen er italienske Niccolò Paganini (1782–1840) og norske Ole Bull (1810–1880).

Bakgrunnsstoff endre