Friuli-Venezia Giulia

46°9′54″N 12°54′19″E / 46.16500°N 12.90528°E / 46.16500; 12.90528 Coordinates: Extra unexpected parameters

Friuli-Venezia Giulia
region
Symbol
Offisielt namn: Regione Autonoma Friuli-Venezia Giulia
Regjon autonome Friûl-Vignesie Julie
Avtonomna dežela Furlanija - Julijska krajina
Friaul-Julisch Venetien
Land  Italia
Provins 4
Kommune 219
Del av Northeast Italy
Hovudstad Trieste
Areal 7 856 km²
Folketal 1 215 220 (2019)[1]
Kart
Friuli-Venezia Giulia
46°06′00″N 13°07′00″E / 46.1°N 13.116666666667°E / 46.1; 13.116666666667
Wikimedia Commons: Friuli-Venezia Giulia

Friuli-Venezia Giulia (friulisk Friûl-Vignesie Julie, tysk Friaul-Julisch Venetien, slovensk Furlanija - Julijska krajina, venetiansk Friul-Venezsia Jułia) er ein av fem autonome regionar i Italia. Han vart tidlegare kalla Venezia Euganea. Hovudstaden er Trieste (slovensk Trst, tysk Triest) og han har eit areal på 7 856 km² og om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Med ei naturleg opning til sjøen for mange sentraleuropeiske land går det fleire hovudfartsårer i regionen mellom aust og vest i Sør-Europa.

Geografi endre

 
Provinsane i Friuli-Venezia Giulia

Regionen ligg nordaust i Italia og grensar til Veneto i vest, Austerrike i nord, Slovenia i aust og Adriahavet i sør. Kystlengda til regionen er 111,7 km.

Friuli-Venezia Giulia er delt inn i fire provinsar:

Historie endre

Namnet på republikken kjem frå det latinske namnet på byen Cividale, den gamle hovudstaden i det lombardiske hertugdømet kalla «Forum Iulii» («Julius sitt forum», kalla opp etter Julius Cæsar). Regionen vart oppretta etter den andre verdskrigen for å løyse problemet med Trieste, som hadde mista sine naturlege bakland som var ein stor del av Venezia Giulia før det vart ein del av Jugoslavia. Derfor vart det avgjort at den historiske regionen Friuli skulle verte ein del av regionen til Trieste.

Økonomi endre

Det vert dyrka korn, druer, sukkerroe og soppost, og kvegdrift er òg viktig. Av industri finn ein skipsverft i Trieste og Monfalcone, stålverk i Pozzuolo del Friuli, vingardarar som produserer vin og grappa og møbelproduksjon i Manzano og Brugnera.

Demografi endre

Bortsett frå italiensk vert det tala friulisk i regionen, og det finst òg ein større slovensk og tysk minoritet. slovensk vert tala i provinsen Trieste og dei austlege områda av provinsane Gorizia og Udine, i området kalla Venetiansk Slovenia, som består av Resiadalen og dei øvre dalane til elvane Torre og Natisone, der mange av landsbyane har både italienske og slovenske namn.

Byar i Friuli-Venezia Giulia med meir enn 50 000 innbyggjarar (2006 estimat):

Kommune Innbyggjarar
Trieste 206 058
Udine 96 678
Pordenone 50 926

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Friuli-Venezia Giulia


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto