Frostatinget (norrønt Frostuþing) var namnet på Trøndelagens lovområde, fellestinget, av di det hadde sete på LogtunFrosta i Nord-Trøndelag.

Tinghaugen på Frosta.
Bauta på Tinghaugen på Frosta.

Ein er uviss på kva tid Frostatinget byrja si verksemd, men trur at det går heilt attende til 400-talet og omfatta dei – på den tida – åtte trøndelagsfylka Sparbyggjafylki, Verdølafylki, Skeynafylki, Stjórdølafylki, Strindafylki, Gauldølafylki og Orkdølafylki.

Dagens Frostating, Frostating lagmannsrett, omfattar fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, og har sete i Trondheim.

Frostatingsseglet endre

Frostatingsseglet er eit segl som syner kong Magnus Lagabøte på St. Hansdag i 1274 medan han sit på trona og gjev lagmannen for Frostatinget den nye Frostatingslova. Tingbøndene – tre stykker – står til venstre for kongen, kongen i midten med krona på hovudet og septeret i handa, og med den norske lova under føtene. Nedst i seglet er det to bogeskyttarar; den eine siktar på eit ekorn, medan den andre siktar på ein fugl. Både ekornet og fuglen sit i kvart sitt tre.

Originalen til Frostatingseglet er i det norske Diplomatariet, og står i eit dokument datert 1. juni 1453, trykt i Diplomatarium Norvegicum VIII no. 349.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Frosta i gammel og ny tid, s. 82–83.