Frostatingslova

norsk landskapslov

Frostatingslova er ei av dei eldste lovene i Noreg. Den versjonen av lova som er kjend i moderne tid fekk si form i 1260, under Håkon Håkonsson. Delar av lova er fleire hundre år eldre enn det. Det mest kjende sitatet frå lova er «med lov skal landet vårt byggjast, og ikkje med ulov øydast» (gamalnorsk: at lǫgum skal land várt byggja en eigi at ulǫgum eyða).

Bauta på Tinghaugen på Frosta.
Foto: Stig Morten Skjæran

Riksarkivet har to fragment av Frostatingslova, dei er restar av eit manuskript av Frostatingslova som vart skrivne i andre halvpart av 1200-talet. Det eine er ca. 12 x 17,5 cm, det andre ca. 11 x 15 cm.[1] Fragmenta vart ein del av Noregs dokumentarv i 2014.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre