Frygisk var eit språk som i oldtida vart tala av frygarane i Frygia. Frygarane innvandra på eit ganske tidleg tidspunkt til Anatolia etter å ha budd i Balkan-området. Frygisk slekta truleg på illyrisk (og kan kanskje reknast med til paleobalkansk). Språket kom derimot deretter til å bli tala i området der det elles vart tala anatoliske språk.

Innskrifter på frygisk stammar frå to ulike periodar og er skrivne med to ulike alfabet. Det finst nokre få gammalfrygiske innskrifter frå tida 700 til 300 fvt. Dei er skrivne med ei tidleg form av gresk alfabetisk skrift. Kring 100 nyfrygiske gravinnskrifter er skrivne med det greske alfabetet frå den romerske keisartida.

Kjelder endre

«frygisk - utdødd indoeuropeisk språk» i Store norske leksikon, snl.no.