Frygisk hue er ei mjuk, kjegleforma topphue med framoverhengande topp og øyrelappar, som i antikken vart bruka av grekarane i Litleasia og stundom finst i antikke kunstverk. Fridomshua under den franske revolusjonen var ei slags frygisk hue, og ho har i moderne tid vore bruka av sjøfolk frå Napoli.

Frygisk hue.
Byste av det franske nasjonalsymbolet Marianne med raud fridomshue.
Foto: F Lamiot
Dei tre vismenn frå S.Apollinare Nuovo, Ravenna - framstilt med frygiske huver, kanskje for å markere at dei kom austfrå

Fridomshua, også kalla jakobinarhua (fransk: bonnet rouge, 'raud hue') vart under den store franske revolusjonen bruka mykje. Ho var laga av raudfarga ull, og ofte pynta med ein trefarga kokarde i raudt, kvitt og blått. Ifølgje tradisjonen kom hua på moten i Paris i 1792, då mytteridømde men no frisleppte galeislavar kom tilbake til byen. Hua vart eit fridomssymbol for dei mest radikale revolusjonsmennene, som bruka denne hua under politiske folkemøte og i dei politiske klubbane. Ved oppløpet i Paris 20. juni 1792 vart kong Ludvik 16. tvinga til å setje på seg ei slik fridomshue. Elles såg ein hua på stempel, segl og slikt noko. Men Robespierre, Danton og andre revolusjonsleiarar tok aldri hua på seg, og Robespierre fordømde bruken av ho. Etter 1794 vart det meir og meir slutt på å bruke hua.

Då raude topphuer faktisk vart forbydde av den nazistiske okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen, var det truleg både fordi raud topphue er eit slags nasjonalt symbol i Noreg, men òg fordi ho er eit revolusjonært fridomssymbol sidan den store franske revolusjonen si tid.

Kjelder endre

  • I hovudsak svensk wikipedia, artiklane Frygisk mössa og Frihetsmössa.