Fugees (frå engelsk refugees, 'flyktningar') var ei hip-hop-gruppe på 1990-talet frå New Jersey i USA. Fugees bestod av dei haitiske rapparane Wyclef Jean og Pras Michel saman med songaren Lauryn Hill frå USA.

Fugees

OpphavNew Jersey i USA
Aktivca. 1992-1997, 2004-2006
SjangerHip-hop, soul
PlateselskapRuffhouse, Columbia
MedlemmerWyclef Jean (rappar)
Pras Michel (rappar)
Lauryn Hill (vokalist)

Karriere endre

I 1994 platedebuterte dei med Blunted on Reality. Dei opplevde verkeleg stor suksess med oppfylgjaren The Score frå 1996. The Score hamna fremst på platelista i USA, og vart nummer to på den britiske lista. Plata inneheldt hitsa Ready or Not, Fu-Gee-La og ein cover-versjon av Killing Me Softly. Alle tre vart gjevne ut som singlar.

Fugees vann to Grammy-prisar for The Score, for Beste rap-album og Beste R&B-vokalutøving.

I 1997 skilde medlemene lag og starta ulike soloprosjekt. Fugees lét høyra frå seg att i 2003, då dei gav ut samleplata Greatest Hits. I 2004 kom dei saman att og framførte konsertar både i 2004 og 2005. I 2005 la dei så ut på ein Europaturné, og det vart kunngjort at eit nytt album var på gang. Men etter turnéen skjedde det ikkje noko meir med gruppa, truleg grunna samarbeidsproblem mellom medlemene.

Diskografi endre

  • Blunted on Reality (1994)
  • The Score (1996)
  • Greatest Hits (2003)

Kjelder endre

  • Engelsk Wikipedia om Fugees, henta inn 21. mars 2011.