Fukushima I kjernekraftverk

Fukushima I dai-ichi (japansk: 福島第一原子力発電所, Fukushima dai-ichi genshiryoku hatsudensho) er eit kjernekraftverk i byen Okuma i Futaba distriktet i Fukushima prefektur i Japan. Med sine seks separate reaktorar var Fukushima I eit av dei største atomkraftverka i verda. Fukushima I var bygd og drive av TEPCO.

Reaktorar endre

Eining Type Oppstart Elektrisk effekt
Fukushima I - 1 26. mars 1971 460 MW
Fukushima I - 2 18. juli 1974 784 MW
Fukushima I - 3 27. mars 1976 784 MW
Fukushima I - 4 12. oktober 1978 784 MW
Fukushima I - 5 18. april 1978 784 MW
Fukushima I - 6 24. oktober 1979 1100 MW
Fukushima I - 7 (planlagt) Oktober 2013 1380 MW
Fukushima I - 8 (planlagt) Oktober 2014 1380 MW

Jordskjelvet i 2011 endre

Etter jordskjelvet 11. mars 2011 vart det meld at alle dei tre verksame reaktorane hadde vorte automatisk nedstengde, men at alle nedkjølingspumpene for reaktor 1 ikkje fungerte grunna elektriske problem. Nedkjøling med vatn er naudsynt for å få ned temperaturen i reaktorane, og styresmaktene sende ut melding om atomkraftkrise. Det vart meld at det ikkje lak radioaktivitet. Seinare på dagen vart det gjeve ordre om at alle som var busette innanfor ein to kilometers radius frå reaktoren måtte evakuerast. Dette gjaldt 2000 personar.

Reaktorane 4, 5 og 6 var stengde for vedlikehald. Reaktor 4 var tom for brensel.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre