Fulham Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i FA Premier League. Klubben vart stifta i 1879, og vart vald inn i The Football League i 1907. «Cottagers», som er kallenamnet til Fulham, spelar heimmekampane sine på Craven Cottage i Fulham. Fulham er ein stad i bydelen Hammersmith og Fulham som ligg i det vestlege London.

Fulham FC
Fullt namn Fulham FC
Kallenamn Cottagers
Grunnlagd 1879
Heimebane Craven Cottage,
London
(Kapasitet: 22 230)
Styreleiar Mohamed Al-Fayed
Hovudtrenar Chris Coleman
Liga Premier League
Heimedrakt
Bortedrakt

Nyare historie endre

Micky Adams fekk managerjobben midt på 1990-talet, og i løpet av to sesongar hadde han løfta Fulham frå tredje til andre divisjon. Millionæren Mohammed Al-Fayed kjøpte klubben denne sommaren. Han leigde inn managerduoen Ray Wilkins og Kevin Keegan, og lova at klubben skulle spele i Premier League i løpet av fem år.

Etter usemje omkring laguttaket forlét Wilkins klubben, etter at dei nesten hadde greidd opprykk til fyrste divisjon. Neste divisjon leia Keegan laget til opprykk på ein suveren måte, laget tok heile 110 poeng av 138 moglege. Keegan slutta deretter for å verte manager for det engelske landslaget, og veteranspelaren Paul Bracewell overtok leiinga i Fulham.

Den fyrste seongen til Fulham i 1. divisjon enda med niande plass. Bracewell fekk sparken tidleg i sesongen, og fleire midlertidige managerar var innom klubben i løpet av sesongen.

Jean Tigana vart så ny manager, og etter å ha kjøpt inn fleire unge stjerner, mellom andre Louis Saha, leia han Fulham til det tredje opprykket i klubben på fem sesongar, endå ein gong på ein overbevisande måte. I løpet av sesongen kapteinen og no manageren i klubben, Chris Coleman, innblanda i eit trafikkuhell, som førte til at fotballkarrieren tok slutt.

Coleman vart utpeika som ny manager ved starten av 2003/2004-sesongen. Han hadde hatt mellombels leiaransvar i nokre månader allereie, etter at Tigana fekk sparken etter to og et halvt år i Premier League med middelmådige resultat.

Fulham spelar no heimekampane sine på Craven Cottage, men brukte nyleg bana til Queens Park Rangers, Loftus Road, i to sesongar.

Meritt endre

 
Fulham i angrep. Frå ein kamp mot Bolton Wanderers 19. februar 2005
TROFE TAL ÅR
Intertoto Cup 1 2002
  • Vinnar av 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 2000/01.
  • Vinnar av 2. divisjon: 1948/49.
  • Vinnar av 2. divisjon (gamle 3. divisjon): 1998/99.
  • Vinnar av 3 divisjon (sør): 1931/32.
  • Finalist i FA-cupen: 1975.

Engelske landslagsspelarar endre

Frå 1879 til 2005 har Fulham hatt 10 engelske landslagsspelarar. Til saman har desse spela 107 kampar, og scora 18 mål. I 106 av kampane har spelaren frå Fulham vore med frå start, og i 22 kampar har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Fulham på klubbnivå.

Landslagspiller Namn Tal kampar Tal startar Innbytar Kaptein Mål Tidsrom
Nr. 436 Frank Osborne 2 2 0 0 0 1922 - 1923
Nr. 544 Leonard Oliver 1 1 0 0 0 1929
Nr. 545 Albert Frank Barrett 1 1 0 0 0 1929
Nr. 581 John Arnold 1 1 0 0 0 1933
Nr. 704 James Guy Taylor 2 2 0 0 0 1951
Nr. 732 George Jezzard 2 2 0 0 0 1954 - 1955
Nr. 739 Johnny Haynes 56 56 0 22 18 1954 - 1962
Nr. 766 Ernest James Langley 3 3 0 0 0 1958
Nr. 825 George Cohen 37 37 0 0 0 1964 - 1967
Nr. 1137 Zat Knight 2 1 1 0 0 2005

Fulham sine managerar endre

Manager Periode Manager Periode
Harry Bradshaw (1904-1909) Alec Stock (1972-1976)
Phil Kelso (1909-1924) Bobby Campbell (1976-1980)
Andy Ducat (1924-1926) Malcolm McDonald (1980-1984)
Joe Bradshaw (1926-1929) Ray Hartford (1984-1986)
Ned Liddell (1929-1931) Ray Lewington (1986-1990)
Jim MacIntyre (1931-1934) Alan Dicks (1990-1991)
Jimmy Hogan (1934-1935) Don Mackay (1991-1994)
Jack Peart (1935-1948) Ian Branfoot (1994-1996)
Frank Osbourne (1948-1949) Micky Adams (1996-1997)
Bill Dodgin Snr. (1949-1953) Ray Wilkins (1997-1998)
Duggie Livingstone (1956-1958) Kevin Keegan (1998-1999)
Bedford Jezzard (1958-1964) Paul Bracewell (1999-2000)
Vic Buckingham (1965-1968) Jean Tigana (2000-2003)
Bobby Robson (1968) Chris Coleman 04/2003 -
Bill Dodgin Jr. (1969-1972)

Spelarstall endre

Bakgrunnsstoff endre