Funk

musikksjanger

Funk er eit musikkomgrep som kom i bruk i USA på 1950-talet om ei form for jazz som bygde på bebop, med sterk påverknad frå blues og gospel. Seinare har omgrepet vist til sterkt synkopert afro-amerikansk dansemusikk med enkel melodi. Rytme er viktigare enn harmoni, og blir bygd opp av perkusjon saman med andre instrument som elektrisk gitar/bassgitar, piano/hammondorgel og blåsarar som trompet eller saksofon i nokre høve også stemme. Funksongar byggjer ofte på ein enkeltakkord eller ei repeterande akkordrekkje heller enn akkordprogresjon, noko som skil stilen frå rhythm'n'blues og soul. Nemninga «funk» blir også brukt i fleire samansetjingar, som jazzfunk, etnofunk og liknande. Adjektivet «funky» kan brukast om mange ulike typar popmusikk der rytmen er framståande.

James Brown er rekna som ein av opphavsmennene til funk.
«Fork and Spoon», ein datagenerert funkmelodi av Kevin MacLeod.

Kjende funkutøvarar er mellom anna James Brown, Sly and The Family Stone, George Clinton, Chaka Khan og Prince, med songar som «I Got You (I Feel Good)», «Get Up (I Feel Like Being A) Sex Machine», «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)», «Superstition» og «When Doves Cry» er kjende songdøme. Mange funkutøvarar har også vore knytte til soul eller discomusikk, og stilen har mellom anna inspirert disco, afrobeat, funkrock, boogie og electro. Funk har seinare blitt sampla ei rekkje gonger i andre sjangrar, som hiphop, house og drum and bass.

Kjelder endre

  • «Funk» (2011, 20. november), fri artikkel i Store norske leksikon. Henta 11. september 2013.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Funk
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.