Furlong er ei eldre måleining for lengd, som vart brukt i engelsktalende land. Ein furlong er lik ein åttandedels mile, eller 220 yards. Eininga er no stort sett gått ut av bruk, unntatt innan hesteløp, der han enno er i bruk i Storbritannia, Irland, Canada og USA.

Nytta av furlong går tilbake til 800-talet, og kanskje tidlegare. Ein furlong var opphavleg lengda av ei plogfure (gammalengelsk: furh) på ein åker. Flatemålet «acre» vart skildra som eit rektangel med lengd på 1 furlong og breidde på 1 chain (22 yards).

Sidan eininga ikkje er i bruk til presisjonsmåling har det ikkje vore behov for å definere han nærare. Fem furlong tilsvarar omtrent ein kilometer. Samanlikninga med andre måleininga:

1 furlong = 10 chain = 220 yard = 660 fot = 7 920 tomme = 201,168 meter.

1 engelsk mil = 8 furlong = 80 chain = 320 rod = 8 000 link.

Kjelder endre