Furuslekta

planteslekt
Furuslekta
Utbreiing
Utbreiinga av furuslekta
Utbreiinga av furuslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Pteridobiotina
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
L., 1753

Furuslekta (Pinus) er ei planteslekt i furufamilien. Éin art, Pinus sylvestris, finst naturleg i Noreg.

Furutre i berglandskap måla av Alois Kirnig.

Utbreiing og voksterkår endre

Furu finst i mest heile den nordlege halvkula. Dei finst opp til 70°N i Noreg og Sibir, og opp til 2°S på Sumatra. California og Mexico har størt tal ulike artar på ein plass.

Furu har vorte innført i andre delar av verda, i hovudsak som tømmerkjelde, men er i ferd med å forvilla seg. Somme artar vert rekna som invasive artar.

Furu finst frå kalde arktiske klima til varme, ørkenprega klima. Dei veks som regel i tørr eller sandhaldig jord, men nokre veks i blautt jordsmonn. Somme treng periodevis tørre område, av di dei treng skogbrann for å spreie frøa.

Utsjånad, struktur og livssyklus endre

Furutrea er eviggrøne. Somme artar er buskar, medan storparten er tre. Somme artar kan verta opp til 80 meter høge, medan det vanlegaste er 15-45 meter. Borken er gjerne tjukk og skjelaktig. Somme artar har tynnare, flakaktig bork.

Dei har fire typar blad gjennom livslaupet.Dei vanlege fotosyntetiserande blada, som dei har som vaksne tre, er nåler. Desse sit oftast i klasar på opp til 6 nåler, men hjå somme artar sit nålene ein og ein. Nålene er fleirårige, og hjå somme artar kan dei sitja opp til 40 år.

Greinene sit i ein spiral, men det ser mest ut som om dei sit i ringar. Mange artar produserer ein ring i året, men somme artar dannar fleire enn éin. Dei fleste artane vert mellom 100 og 1000 år gamle, men somme artar vert mykje eldre. Den eldste furua er over 4 700 år gamal, og er ein av verdas to eldste levande organismar.

Som hjå andre plantar har furuslekta generasjonsveksling, med ein dominerande sporofyttgenerasjon. Det er denne som er den grøne planten ein ser, medan gametofyttgenerasjonen sit på sporofytten og produserer pollen og egg (som sit i konglen).

Dei fleste furuartane er tvikjønna, med både hannblomen og hoblomen (konglen) på same treet. Somme artar er vanlegvis særkjønna (han- og ho- sit på ulike tre) men ingen artar er heilt særkjønna. Hankonglane er småe (sjeldan meir enn 5 cm) og veks ei stutt tid, ofte om våren. Dei er utan ved, og er mjuke. Dei fell når dei har sleppt pollenet. Hokonglen dannar ved, og sit gjerne fleire år. Det går som regel eit år frå pollinering til befruktinga, og opp til to år til før konglen er mogen. Mest alle skjela på konglen har to frø, men dei heilt nedst og øvst er sterile. Flestalle artar nyttar vindpollinering, og slepp frøa frå konglen, men somme artar nyttar fuglepollinering. Hjå desse artane opnar ikkje konglen seg, og fuglen lyt brjota opp konglen for koma til frøa. Frøa hjå vindpollinerande artar har venger som hjelper dei glida på vinden. Somme artar slepp berre frøa ved skogbrann, slik at dei får mindre konkurranse, og gode voksterkår i oska.

Artar endre

Furu i Noreg endre

I Noreg finst ein naturleg viltlevande furuart, Pinus sylvestris eller vanleg furu. Andre artar er planta som skogstre eller hagetre, og somme av dei har forvilla seg i naturleg skog. Blant dei vanlegaste er

Sembrafuru og sibirsk sembrafuru vert av somme rekna for to artar, av andre som variasjonar innan same art.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Furuslekta