Fusel, eller fuselolje, er ei fellesnemning på ymse kjemiske stoff som oppstår i tillegg til etanol under gjæring. Stordelen er høgverdig alkohol som propanol og butanol, men òg esterar, aldehyd og karboksylsyrer finst med.

Fuselolje har kokepunkt mellom 105 °C og ca. 140 °C. Ein måte å fjerne dei på er difor å destillere etanolen ein gong til.

Fusel er eit av dei største problema ved heimebrenning, men kan setta ein ekstra spiss på smaken i til dømes whisky.

Kjelder endre

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.