Fut

embete og leiar av eit fogderi

Fut (bokmål fogd) var historisk nemninga på ein embetsmann med myndigheit som politi og oppkrevjar av skatt og bøter i eit landdistrikt. I dag blir ordet nytta om nokre offentlege tenestmenn som har til arbeid å driva inn pengar, til dømes skattefut.

Kristoffer Nielsen Tønder (1587-1656)var fut på Austråt i 1621.

Futen kunne vera ein frykta og mislikt makthavar, noko ein ser i folkeeventyr som «Fanden og futen».

Ordsoge endre

Bokmålsordet fogd og nynorskordet fut har same opphavet. Fogd kjem gjennom dansk foged og mellomlågtysk voget frå latin (ad)vocatus, '(til)kalla (som juridisk rådgjevar [ordett; tilsnakker])'.[1] Ordet fut med målføreforma faut kjem frå dei norrøne formene foguti, fogutr, fugutr, fouti eller fuviti, som òg er lån frå mellomlågtysk.[2][3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «fut» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  2. Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
  3. Torp 1903: Nynorsk etymologisk ordbok Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-17-4