Fuzzylogikk inneber at ein baserer avgjerder på 'godt nok' eller 'nær nok' vurderingar. Det finst mange former for fuzzylogikk og mange ulike algoritmar for å berekne nærleik.

Eit døme er innan namnematching. Ein person som heiter Petter Hansen kan feilaktig registrerast som Peter Hansen eller Petter Hanssen. Dermed kan dublettar i registeret oppstå, og ein får behov for å slå saman variasjonar av éit individ. No er berre namn ein svak indikasjon åleine, men om ein veit til dømes alder og adresse òg, aukar sannsynet for match.

I fuzzylogikk ville ein til dømes kunne slå saman dobbeltregistreringar på folk med same eller nesten same namn, gjeve at alder og adresse eller nesten same adresse stemmer.

Sjå òg endre

Kjelder endre