Fylgje (eller fylgja) tyder 'ein som følgjer'. I folketru er det ofte tale om eit overnaturleg vesen som følgjer eit menneske, normalt usynleg og gjerne i dyreskapnad. Vi finn fylgjemotivet i ulike utformingar i norrøn dikting og i nyare dikting, i folkedikting og folketru.

I norrøn diktig kan fylgja vera ei kvinneleg verneånd. Ei kvinneleg fylgje kunne òg vera knytt til ætta som ei ætteånd, ei verneånd for ei heil ætt.

I Haugtussa av Arne Garborg kan den synske hovudpersonen sjå slikt som folk til vanleg ikkje ser. Ved særskilde høve kan ho mellom anna sjå kva slags fylgjer folk har. Fylgjene karakteriserer personlegdomen til dei ulike menneska. Den giruge og falske «bøne-Per» har til dømes ein drake som fylgje (diktet «Draken»). I diktet «Lage» ser Haugtussa hane, rev, sugge, bukk, varg, gaupe, katt, hare,geit, tispe, skjor, høne og gås i følgje med menneska. Her er fylgjene kalla vardyvle (vardøger),

Nemningane fylgje og vardøger går noko om einannan i tradisjonen. Men eit vardøger, når det ter seg, har jamt same skap som den som det følgjer. Mange menneske meiner den dag i dag at dei iblant kan høyre vardøgeret til ein person ei stund før personen sjølv kjem til syne (førevarsel).

Sjå Else Mundal 1974:Fylgjemotiva i norrøn litteratur. Ho skriv om dyrefylgjemotiva, kvinnefylgjemotiva og utviklinga av fylgjetrua frå norrøn til nyare tid.