Fylkesveg 295 i Troms

Sjå òg fylkesveg 295 (fleirtyding).

Fylkesveg 295 i Troms går mellom Bergneset og Nordkjosbotn i Balsfjord kommune. Vegen er 8,6 km lang.

Fv295 går langs Balsfjorden, frå Nordkjosbotn (nærmast) til Bergneset, som ein kan skimte heilt ytst. Oppe i lia går E 6.

Vegen startar i vest frå E 6 på sørsida av Balsfjorden, like ved hamne- og industriområdet på Bergneset, som ligg mellom vegen og fjorden. Vegen går derfrå austover langs fjorden, og etter heile vegen ligg stort sett samanhengande jordbruksbusetnad. Vegen fylgjer den gamle traseen til E 6, unntatt på dei siste 1,5 km, der han fylgjer ein ny trase parallelt med den nye E 6. Vegen munnar ut på E 6 igjen like ved garden Fossberg, rundt ein kilometer sørvest for Nordkjosbotn sentrum. Ein av kontrollstasjonane til Statens vegvesen ligg like ved krossen.

Kommunar og knutepunkt endre

  Balsfjord

  •   Bergneset
  •   Fossberg ved Nordkjosbotn

Bakgrunnsstoff endre