Ein fyrstbiskop (tysk Fürstbischof) var i Det tysk-romerske riket ein biskop som samstundes var ein kurfyrste med personleg stemme (virilstemme) i riksdagen. Fyrstbiskopen var geistleg herskar over eit fyrstbispedøme (Fürstbistum) og samstundes verdsleg herskar over eit riksumiddelbart territorium som vart kalla høgstift (Hochstift). Høgstiftet var ofte av mykje mindre utstrekking enn fyrstbispedømet, men kunne ha monalege storleikar (t.d. over 10 000 km² i Salzburgs tilfelle). Dei respektive nemningane for erkebiskopar var fyrsterkebiskop, fyrsterkebispedøme og erkestift (Fürsterzbischof, Fürsterzbistum, Erzstift). Òg ein del abbedar, abbedisser og prostar var riksumiddelbare; desse vart kalla riksprelatar.

Kart over Det tysk-romerske riket ved freden i Westfalen (1648). Høg- og erkestifta samt dei større riksklostera er framheva med lilla farge.

Fyrstbiskopane var ein av dei viktigaste grunnsøylene i Det tysk-romerske riket. Såleis var fyrsterkebiskopane av Mainz, Triar og Köln dei fremste kurfyrstane i riket. Fyrstbiskopane vart ofte òg rekna for å vere keisaren sine viktigaste støttespelarar. Biskopane sin fyrstestatus gjekk tilbake til dei tysk-romerske herskarane sin politikk i tidleg mellomalder: I motsetnad til dei mektige verdslege fyrstefamiliane hadde ikkje biskopar dynastiske interesser. Ofte vart biskopane til og med utnemnde av keisarane.

I byrjinga av Det tysk-romerske riket fanst det rundt 92 fyrst(erke)biskopar, dvs alle biskopar innan riket var riksfyrstar. Talet vart gradvis redusert, delvis fordi bispedømma hamna utanfor riket (t.d. Aquileia i Italia, Bisanz i Frankrike, Chur i Sveits), delvis fordi fyrstbiskopane mista riksumiddelbarheia (t.d. Chiemsee, Gurk, Seckau), delvis fordi bispedøma vart protestantiske og stemmane deira vart overteke av verdslege herskarar (t.d. Magdeburg av Brandenburg, Meißein av Sachsen, Schwerin av Mecklenburg). Den einaste protestantiske biskopen som vart verande riksfyrste, var fyrstbiskopen av Lübeck.

Før napoleonskrigane (dvs. rundt 1792) fanst det enno fem fyrsterkebispedømer og 24 fyrstbispedømer (sjå lista). Fire av desse vart annektert av franske soldatar mellom 1794 og 1799 (Bisanz, Chur, Lüttich, Seten). Resten vart, med unntak av Regensburg, sekularisert gjennom Reichsdeputationshauptschluss i 1803.

Fyrstbispedøme per 1792 endre

 
Friedrich Karl Joseph von Erthal var den siste fyrsterkebiskopen og kurfyrsten av Mainz.

Kjelder endre