Fyrstikker er pinnar med brennbare kjemikalier i eine enden. Desse tek lett fyr, slik at ein kan starta ein eld med ei fyrstikk. Fyrstikker kan òg brukast som lyskjelde, men slokner så snart pinnen er oppbrunnen.

Ei brennande fyrstikk.

Historie endre

Ei tidleg fyrstikk blei utvikla i Kina i 577. Dette var små svovelimpregnerte furupinnar.

Den første moderne fyrstikka blei laga i 1805 av K. Chancel, som var assistent til professor L. J. Thénard i Paris. Fyrstikkhovudet var laga av ei blanding av natriumklorat, svovel, sukker og gummi. Ein sette fyr på dei ved å dyppa dei i ei lita asbestflaske fylt med svovelsyre. Ettersom fyrstikken var dyre og farlege å bruka, blei dei aldri mykje brukte.

Det var den engelske kjemikaren John Walker som laga dei første fyrstikkene som blei tende ved friksjon i 1827. Arbeidet hans bygde på det Robert Boyle hadde gjort med svovel og fosfor. Walker oppdaga at ei blanding av antimon(III)sulfid, natriumklorat, gummi og stive kunne ta fyr om ein slo det mot ei ru overflate. Kjemikaren kalla oppfinninga si congreves, men ho Samuel Jones tok seinare patent på henne og selde fyrstikkene som lucifers.

Dei første fyrstikkene hadde ein ustø flamme som var svært sterk i byrjinga og gav frå seg ei vond lukt. Likevel blei dei mykje brukte, og førte til ein tydeleg vekst i talet på røykarar. Kvit fosfor, innført i 1831 for å redusera lukta, viste seg å føra til farlege knokkelmisdanningar og blei forbode.

Trygge fyrstikker endre

Eit tiår seinare, i 1844, kom svensken Gustaf Erik Pasch på å skilja dei brennbare ingrediensane, slik at nokre av dei sat i fyrstikkhovudet og nokre på ein særskild tennoverflate. Johan Edvard Lundström forbetra oppfinninga ti år seinare. Fyrstikka inneheldt no antimon(III)sulfid og natriumklorat, medan tennoverflata hadde knust glas og raud fosfor. Varme frå friksjonen når ein dreg fyrstikka over tennoverflata gjer den raude fosforen om til kvit; denne tek fyr som raskt går over til å brenna treet i fyrstikka.

Særskilde fyrstikkesker med fyrstikker inni og ein særskild tennoverflate på sida blei først laga rundt 1890 av amerikanaren Joshua Pusey.

Fyrstikker i kulturen endre

 
Ei brend og fleire ubrukte fyrstikker.

Sjølv om moderne fyrtøy som lighterar er funne opp, bruker ein fortsatt fyrstikker, særleg til å tenna bål eller levande lys.

Det vesle mirakelet det er å laga ny eld har gjort fyrstikka til eit slags symbol på liv, men det at elden er så kortliva gjer henne mindre eigna til å stå for håp og ettertanke på same måte som levande lys. Fyrstikkene i eventyret «Den lille pige med svovlstikkerne» av H.C. Andersen gjev dermed berre svært kortvarig lindring.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fyrstikk