64°29′55.489″N 14°8′36.686″E / 64.49874694°N 14.14352389°E / 64.49874694; 14.14352389

Gäddede
tettstad
Land  Sverige
Areal 77 km²
Folketal 275 (31. desember 2020)
Kart
Gäddede
64°30′05″N 14°08′31″E / 64.501283932986°N 14.141910020122°E / 64.501283932986; 14.141910020122
Wikimedia Commons: Gäddede

Gäddede er ein svensk tettstad i Strömsunds kommun i Jämtlands län, i landskapet Jämtland. I 2005 var det 456 innbyggjarar i Gäddede. Gäddede ligg i sørenden av Kvarnbergsvattnet.

Staden er mellom anna kjend for den djupaste canyonen i Sverige, 800 meter lang, med den 43 meter høge fossen Hällingsåfallet, den største snøscooteren i verda, det lengste scooterhoppet i verda og særprega fjellandskap.

Gjedde kjem ikkje lengre enn hit opp, noko som har gjeve namnet Gäddede.

Det blei brote glimmer i Gäddede i 1940-åra. Glimmer blei då brukt i el-industrien.

Den lengste grotta i Sverige, Korallgrottan, ligg i nærleiken av Ankarvattnet, 448 moh. i Leipiälven, og rett nord for Stora Blåsjön. Grotta blei oppdaga så seint som 1985. Hittil er seks kilometer gangar utforska. Dermed er ho den lengste grotta i Sverige. Det er ikkje høve til å vitje Korallgrottan utan følgje med guide.

Kjelder endre