Gåsemure

planteart
Gåsemure
Gåsemure
Gåsemure
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Stamme: Potentilleae
Understamme: Potentillinae
Slekt: Mureslekta Potentilla
Art: Gåsemure P. anserina
Vitskapleg namn
Potentilla anserina

Gåsemure (Potentilla anserina eller Argentina anserina) er ein krypande fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Fine sølvfarga hår på blada.

Gåsemuren vart tidlegare rekna til slekta Potentilla, men har saman med grønlandsgåsemure vorte skilde ut i den eigne slekta Argentina på 1990-talet.[1] Omklassifiseringa har vore kontroversiell, og er ikkje akseptert av alle autoritetar.[2][3][4][5] Gåsemure utgjer ei artskompleks som ofte er blitt delt inn i fleire ulike artar.[6][7]

Planta vert kring 5 cm høg og har krypande stenglar som set røter ved ledene. Ho har mangefinna blad med kvasse tenner som er silkehåra på undersida, stundom også på oversida. Ytterbegeret er flika eller tanna. Blomane har spisse begerblad som ikkje er lengre enn ytterbegerblada.

Gåsemure blømer kring juli. Palnta er vanlegast på havstrender, men finst også på vegkantar og fuktig mark. Ho veks over heile Noreg, i Jotunheimen er ho funnen opp til 925 meter over havet.

Kjelder endre

  1. A key to the Potentilla complex
  2. «The Plant List: Potentilla anserina L.». Royal Botanic Gardens, Kew and Missouri Botanic Garden. 2013. Henta 19. mai 2016. 
  3. «Tropicos.org». Henta 3. februar 2015. 
  4. «Online Atlas of the British and Irish Flora: Potentilla anserina L.». Henta 27. mai 2016. 
  5. Stace, Clive (2019). New flora of the British Isles (4th utg.). Suffolk, UK: C&M Floristics. ISBN 978-1-5272-2630-2. 
  6. Arne Rousi (1965). «Biosystematic studies on the species aggregate Potentilla anserina L.». Annales Botanici Fennici 2 (1): 47–112. JSTOR 23724290. 
  7. Koski, M.H.; Ashman, T.-L. (2013). «Quantitative Variation, Heritability, and Trait Correlations for Ultraviolet Floral Traits in Argentina anserina (Rosaceae): Implications for Floral Evolution». International Journal of Plant Sciences 174 (8): 1109–1120. doi:10.1086/671803. 
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Denne artikkelen bygger på «Gåsört» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2010.

Bakgrunnsstoff endre