Göksu (òg kalla Geuk Su, Goksu Nehri, Salef, Kalykadnos) er ei elv på Taşelihalvøya i Tyrkia. Begge kjeldeelvane hennar spring ut i Taurusfjella—den nordlege i Geyikfjella og den sørlege i Haydarfjella. Dei renn saman sør for Mut.

Göksu

Elva er 260 km lang og munnar ut i Middelhavet 16 km søraust for Silifke (i provinsen Mersin). Elvedeltaet til Göksu, inklduert Akgölsjøen og Paradenizlagunen, er eit av dei viktigaste hekkeområda i Det nære austen og over 300 fugleartar er observert her. Av fugleartar finn ein flamingo, hegre, bietar, isfugl, måse, nattergal og songarar hekkar her. Den utryddingstrua karettskilpadda legg egg her.

På grunn av stor utbygging av feriebustader er økosystemet i deltaet i stor fare.

I 1190, under det tredje krosstoget fall Fredrik I av Det tysk-romerske riket av hesten sin og drukna i elva, som då var kjend som Salef. Det er reist eit monument til minne om han ved vegen mellom Silifke og Mut.

Kjelder endre

36°17′45.6″N 34°2′52.8″E / 36.296000°N 34.048000°E / 36.296000; 34.048000