Göta älv

elv i Sverige

Göta älv (norrønt Gautelfr) er ei av dei største elvene i Sverige. Ho går frå innsjøen Vänern ved Vargön rett austom Vänersborg, sørover via Trollhättan, Lilla Edet, Ale og Kungälv der ho deler seg i to armar; hovudåra fortset sørover og Nordre älv mot sørvest. Begge renn ut i Kattegat. Mellom desse to elvearmene ligg øya Hisingen.

Göta älv
elv
Trollhättanfalla i Göta älv
Land  Sverige,  Noreg
Nedslagsfelt 50 229,3 km²
Lengd 93 km
Vassføring
 - middel 575 /s
Kjelde Vänern
 - høgd 44 moh.
 - koordinatar 58°22′49″N 12°21′30″E / 58.38028°N 12.35833°E / 58.38028; 12.35833
Munning Kattegat
 - stad Göteborg
 - koordinatar 57°41′35″N 11°54′30″E / 57.69306°N 11.90833°E / 57.69306; 11.90833
Kart
Göta älv
58°22′49″N 12°21′31″E / 58.380378°N 12.358536°E / 58.380378; 12.358536
Plasseringa til Göta älv
Plasseringa til Göta älv
Plasseringa til Göta älv
Wikimedia Commons: Göta älv

Geografi endre

Grensa mellom elva og havet ved munningen går frå eit fiskesynspunkt langs ei linje frå den nordlegaste odden på Älvnabben ved Västerberget over Knippelholmens fyr til venstre for piren ved småbåthamna i Arendal på Hisingen.

I Göteborg fører Tingstadstunnelen ein motorveg under elva. Trollhätte kanal går tidvis parallelt med Göta älv med sluser i Vänersborg, Trollhättan og Lilla Edet. Göta älv har ein omfattande skipstrafikk til og frå ulike hamner langs elva og ved Vänern. Frå Vänern fører Göta kanal vidare til Austersjøen.

Det ligg fleire vasskraftverk langs elva, ved Vargön, i Trollhättan (Hojum og Olidan) og i Lilla Edet. Elva er òg ein drikkevasskjelde for Göteborg kommune. Inntaket skjer ved Lärjeholm der Lärjeån munnar ut Göta älv og vatnet blir vidare pumpa til vassverket ved Alelyckan for reinsing.

Historie endre

Fortidsminne vitnar om at det har budd menneske langs Göta älv i tusen av år. Dei første menneska busette seg i nærleiken av fossane ved Lilla Edet, Trollhättan og Vargön austom Vänersborg. Fram til 1658 utgjorde Göta älv den sørlege grensa til Noreg.

Ifølgje sagaene seglde den norske vikingkongen Harald Hardråde med ein flåte med opptil 60 skip opp heile elva til Vänern i 1064. Göta älv var på grunn av stryk og fossar ikkje seglbar heile vegen slik at skipa måtte trekkjast på land og slepast forbi fossane.

Gjennom historia har Göta älv vore ei av dei viktigaste handels- og transportårene i Sverige. I mellomalderen oppstod bysamfunn ved fossane og langs elva basert på transport, handel, fiskeri og handverk. Dei mindre skipa kunne ein enno trekkje forbi fossane, men det meste av frakten og godset vart lasta om i Vänersborg og Lilla Edet. Mellom desse to byane vart varene transporterte med heste- og oksekjerre inntil ein igjen kunne nytte skip.

Bakgrunnsstoff endre