Göteborgs skjergard

Göteborgs skjergard ligg utanfor kysten av Göteborg, den nest største byen i Sverige. Dei har kring 5000 fastbuande og om sommaren ytterlegare 6000 innbyggjarar. Øyane er heilt bilfrie og transport består av syklar, mopedar, elektriske bilar og ferjer.

Göteborgs skjergard

I norrøn saga vert dei omtalte som Elfarsker, elveskjera, sidan elva Göta älv renn ut her. Øyane ser ut til å ha vore ein populær stad for holmgangar i vikingtida.

Sagaer der staden vert nemnd er:

Ei av dei minste øyane

Ei av øyane, Brännö, er skildra som ein viktig stad for marknader i Laksdøla saga, og vert ?go rekna som ein sannsynleg stad for bustaden til Breca og brondingane i dei angelsaksiske dikta Widsith og Beowulf.

  • Köpstadsö vert ofte kalla Kössö. Ho er ei lita øy med smale stiar.
  • Styrsö: i 1830-åra bygde familien Öberg eit gjestehus her. Dette var starten på ein badestad, som vart utvida raskt då dampbåtane kom til området i 1867.
  • Donsö er ein viktig fiske- og skipsreiarstad. Hamna er senteret på øya.
  • Vargö har vore eit naturreservat sidan 1986. Det varierte havlandskapet har eit variert planteliv.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

57°37′N 11°47′E / 57.617°N 11.783°E / 57.617; 11.783