GIF (frå engelsk Graphics Interchange Format) er eit raster-biletformat som var utvikla av CompuServe i 1987. Det var sidan då vorte i vidfemnande bruk på verdsveven på grunn av vid stønad og overførbarheit mellom applikasjonar og operativsystem.

GIF
Filending
.gif
MIME-type
image/gif
Magisk talGIF87a/GIF89a
Utvikla avCompuServe
Formattypebitmap
Animasjon av skyer i GIF

Formatet stør opp til åtte bit per piksel for kvart bilete, som tillèt eit enkelt bilete å referere til ein eigen palett på opp til 256 ulike fargar vald frå 24-bit RGB-fargespekteret. Det stør også animasjonar og tillèt ein separat palett på opp til 256 fargar for kvar biletrute. Desse palettavgrensingane gjer GIF mindre nyttande for å reprodusere fargefotografi og andre bilete med fargegradientar, men formatet er høveleg for enklare bilete som grafikk eller logoar med område av same farge. Til skilnad frå video, stør GIF-filformatet ikke lyd.

Kjelder endre