GJ 1214 b er ein blå planet som vart oppdaga i 2009. Han går i bane rundt stjerna GJ 1214.

Oppdaginga vart publisert i det vitskaplege tidskriftet Nature den 16. desember 2009.

GJ 1214 b har 2,7 gonger så stor radius som jorda, men berre 6,6 gonger større masse, og dermed berre ein tredel så stor tettleik. Mellom anna av di vatn har ein langt lågare tettleik enn stein, reknar astronomane det for sannsynleg at denne planeten stort sett består av vatn, og at han har ein stor atmosfære. Difor er han truleg blå på farge, slik vår eigen planet òg er.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.