GMC DUKW er ein amfibisk lastebil produsert under den andre verdskrigen av den amerikanske lastebilprodusenten GMC. Køyretøyet blir ofte berre referert til som DUKW, på engelsk fekk det tilnamnet «duck» på grunn av likskapen med namnet.

Ein GMC DUKW køyrer opp på land

Køyretøyet er basert på lastebilen GMC ACKWX, ein frambygd versjon av den meir kjente GMC CCKW «gemsen». Motoren er ein 4,416 liters toppventilert rekkesekser som gir 91,5 hestar ved 2750 omdreiingar. Drivstoffet er bensin. Det var 9,3 m lang, 2,4 m brei og 2,6 m høg med presenningtaket oppe. Meir enn 21 000 blei produsert.

Modellnamnet stammar frå måten GMC namnsette modellane sine på denne tida:

D = Fyrste produksjonsår: 1942
U = Fleirbrukskøyretøy (amfibisk) (Utility vehicle)
K = Framaksel med drift
W = Tandemaksel bak (to bakakslar med drift)
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.