Gabriel Lund (4. oktober 17732. november 1832) var ein norsk kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Farsund i Vest-Agder.

Gabriel Lund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1773
Farsund kommune
Død

3. november 1832 (59 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Far Jochum Brinch Lund
Gabriel Lund på Commons

Lund vart cand. theol. i 1795, men var aldri prest. Far hans var kjøpmann Jochum Lund i Farsund, og han gjekk inn i handelshuset til faren. Seinare overtok han handelshuset og dreiv det fram til 1830.

I 1814 var Lund utsending frå Lister len til riksforsamlingaEidsvoll. Han var då medlem av finanskomiteen. Mange år seinare, 1827, 1828 og 1830 var han stortingsrepresentant frå Lister og Mandals amt. På desse tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. I 1827 var han elles medlem av komiteen om fiskeria, og om brennvinsbrenning. Han var og medlem av riksretten. På det overordentlege storting 1828 var han med i reglementskomiteen, i 1830 medlem av komiteen om justis- og politivesen, om brannvesenet i byane og om kjøpstadskatten.

Lund vart i 1830 postmeister i Trondheim. Han døydde der to år seinare.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre