Gabrielle Drake
Gabrielle Drake (fødd 30. mars 1944) er ein britisk skodespelar som vart fødd i Lahore i Britisk India (no Pakistan) og budde i fleire land i fjerne austen (inkludert Burma der broren hennar, musikaren Nick Drake, vart fødd).
Gabrielle Drake | |||
Fødd | 30. mars 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lahore | ||
Verka som | teaterskodespelar, filmskodespelar | ||
Mor | Molly Drake |
Sjølv om Drake er klassisk skulert skodespelar som har spelt mykje Shakespare er ho kanskje mest kjend for rolla som Lt. Gay Ellis i science fiction tv-serien UFO. I serien jobba Lt. Gay Ellis på månebasen, som var jordas første forsvarsverk mot invaderande UFO-ar. Kostyma Drake og medskodespelarinnene hennar brukte inkluderte gråe catsuits og lilla parykkar (grunnen til dette vart aldri forklart i serien). Sjølv om ho er blant dei best hugsa skodespelarinnene frå serien var ho berre med i omtrent halvparten av dei 26 episodane som blei produsert. Ho forlét serien midtvegs for å prøve lukka andre stader. Av filmane ho har medverka i er desse av dei meir kjende; There's a Girl in My Soup mot Peter Sellers, Au Pair Girls og ei fjernsynsfilmatisering av The Importance of Being Earnest.
Ho har også vore med i fleire britiske tv-seriar, mellom andre Coronation Street, The Brothers, The Avengers, The Kelly Monteith Show og Crossroads. Etter fjernsynskarrieren har Drake spelt meir teater og har opptredd på fjernsyn av og til.