Eit gaffelrigga fartøy har segl som i utgangspunktet står på langs av skroget. Seglet og riggen har namn etter gaffelen, som held fast kring masta, og som held seglet oppe. Gaffelriggar har mange ulike løysingar frå fartøy til fartøy.

Til venstre: Gaffelsegl med gaffel og bom. Til høgre: Bermudasegl med bom.

Historie endre

Gaffelriggen vart skapt i Nederland på 1600-talet.[1] I Noreg gjekk overgangen frå råsegl og sprisegl til gaffelsegl gradvis. I tidsrommet 1840 til 1930 var han dominerande som rigg på fiskebåtar og på mindre fartøy og skip som trafikkerte kysten og dei næraste havområda. Gaffelriggen vart funnen å vere lettare å handtere og å vere sikrare enn tidlegare riggtypar.

Eit gaffelrigga fartøy kan føre mange ulike segl i tillegg til gaffelseglet.

Gaffelen endre

 
Kloa grip kring masta og vert sikra av ein kulerakke. Inne i kloa ligg klaumakken som glir langs masta. Blokka er den nedste av taljen i klofallet

På større skip, som fleirmasta skonnertar, kan gaffelen stå permanent. Seglet vert heist til gaffelen når det vert sett. Det vanlegaste er at seglet er fest til gaffelen som vert heist når seglet skal settast.

Sjølve gaffelen er eit rundholt som vert halde på plass til masta av ei klo som grip rund masta. Kloa har vorte laga av to trestykke som i eine enden er bolta til gaffelen, . Den andre enden er forma til å nå delvis rundt masta. For at kloa ikkje skal sleppe masta, er ho ofte sikra med ein rakke. I kloa er montert ein sleide, klaumakken, som glir lags masta. I overkant av gaffelen, inn mot kloa, er festa ein augebolt eller ein bøyle. I denne vert klofallet festa. Klofallet er ein talje som vert brukt til å heise gaffelen med. Øvst er klofallet fest i ein galge som er plasser i underkant av godset.

Ytste del av gaffelen, piggen, vert halde oppe av piggfallet. Det går gjennom blokker på gaffelen og på toppen på masta. Med piggfallet vert seglet stramma etter at gaffelen er heist. På gaffelen er det beslag for feste av hjørna, barmane, til gaffelseglet. Inne med kloa er det feste for klobarmen, og ute på nokken feste for piggbarmen. Om masta har toppsegl, er det ei blokk for toppseglskautet på gaffelnokken. Det er og gjerne feste for flaggline.

Bommen endre

Dei fleste gaffelsegl har bom. Han er eit tjukt rundholt som plassert under seglet for å spri det ut, slik at det kan få ei kurve som gir beste effekt. Små båtar har ikkje bom, sidan han vil kome så lågt at han kan vere farleg. Bommen kan vere surra fast i underliket i heile seglbreidda. Ofte er han fest berre i hjørna; framme i halsbarmen, og bak i skautbarmen. På den måten kan ein redusere seglflata raskt, og halsen kan heisast for å gi betre sikt. Bommen vert halde fast til masta med klauver av tre eler med jarnbeslag. Når skautet på gaffelseglet vert slakka, må bommen kunne svinge til sides. Under lensing står han om lag tverrskips.

Bommen har fleire beslag. Inste og nedste seglhjørnet, halsbarmen, vert fest antan til masta eller bommen. Ytst på bommen er skautbarmen festa, antan i eit eige beslag eller merd stropp rundt bommen. Under bommen er skautet, ein kraftig talje, festa. Andre enden av skautet er fest til dekk eller taljeblokka kan flyttast på ein løygang. På bomnokken er og eit beslag for feste av bomløftaren, derriken. Han kan gå til ei blokk i godset, eller til masta bak. Når seglet ikkje er oppe held bomløftaren bommen i passeleg høgd. Under bommen ligg revetaljen, som vert brukt når seglet skal minskast. Under lensing kan han verte brukt til preventer. Han hindrar ukontrollert jibbing.

Feste til masta endre

Gaffelseglet vert halde inn til masta med masteringar eller lissingar. Lissingar, som går gjennom auge i seglet og rundt masta, vert mest brukte på mindre segl. Vanlegaste festemåten er med masteringar, tradisjonelt laga av ask eller alm. For å få sterke og mjuke emne, må bruke unge, rette tre. Trespela vert bøygd til ein ring med noko større diameter enn masta. Seglet vert sydd til masteringane med lisser som gar gjennom ringen og auge på seglet.

Gaffeltoppsegl endre

Gaffeltoppseglet vert sett mellom gaffelen og mastetoppen. Ein har brukt to typar gaffeltoppsegl. På master med høge toppar vert det brukt trekanta segl som passar i rommet mellom gaffel og topp. Eit slikt segl vert halde oppe med ein spire som er festra til toppseglfallet. Toppseglfallet far gjennom eit skivegatt i toppen. Spiren står parallell med mastetoppen og stikke ein god del opp om mastkula.

Den andre toppsegltypen, råtoppsegl, er laga for kortare toppar. Det har ei kort rå, og er meir trapesforma.

Toppseglskautet går gjennom ei blokk på gaffelnokken, og vidare til dekk.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Hesthammer s 345