Galei (norrønt galeið, frå mellomalderlatin galea, 'skip') er ein type skip ein kan ro og sigla som var i bruk frå antikken og fram til midten av 1700-talet. Galeien var opphavleg eit middelhavsfartøy. Frå Middelhavet blei fartøyet utbreidd over heile Europa. Det var mykje brukt i Austersjøen.

Modell av ein maltesisk galeitype frå 1500-talet.

Karakteristisk for skipet er lange, låge skrog, som er typiske for rofartøy. Sjølv om galeiene etter kvart fekk ein høvesvis stor rigg, blei han aldri anna enn eit rofartøy, med segl som hjelp i passande vêr.

Kjelder endre

  Denne historieartikkelen som har med transport og teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.