Galenstock
Galenstock er eit 3 586 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits. Fjellet er det fjerde høgste i Uri-Alpane. Grensa mellom kantonane Uri og Valais går over fjelltoppen.
Galenstock | |||
fjell | |||
Galenstock frå søraust
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Uri, Valais | ||
Fjellkjede | Urner-Alpane | ||
Høgd | 3 586 moh. | ||
Primærfaktor | 252 m ↓ mot Dammastock | ||
Koordinatar | 46°36′43″N 8°25′01″E / 46.61194°N 8.41694°E | ||
Lettast tilkomst | frå Hotel Belvédère over Rhonebreen | ||
Førstestiging | Eduard Desor Sr. | ||
- dato | 18. august 1845 | ||
Galenstock 46°36′43″N 8°25′01″E / 46.611944444444°N 8.4169444444444°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Galenstock | |||
Geografi endre
Galenstock ligg i den sørlege delen av Uri-Alpane, nord for Furkapasset. Fjellet ligg omgjeve av Rhonebreen (i vest), Sidelengletscher (i søraust) og Tiefengletscher (i nordvest). I nord ligg fjellrekka Tiefenstock, Rhonestock og Dammastock.
Fyrsteklatring endre
Galenstock vart klive fyrste gongen den 18. august 1845 av Eduard Desor, Daniel Dollfuss (far), Daniel Dollfuss (son), leia av dei lokale fjellførarane H. Währen, M. Bannholzer, P. Brigger og H. Jaun.
Ruter endre
Lettaste ruta går frå Hotel Belvédère over Rhonegletscher og så vestsida av Galensattel (3 113 moh). Derifrå går turen vidare over snøbre, seinare årsgammal is, til topps.
Normalruta frå vest går forbi Albert-Heim Hütte (2 543 moh), over Tiefengletscher opp på nordegga og vidare lett klatring til fjelltoppen.
Begge rutene kan gjennomførast som skiturar om vinteren.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Galenstock» frå Wikipedia på tysk, den 24. oktober 2009.