'Galleri (frå fransk galerie, italiensk galleria) kan visa til fleire ulike bygningstypar.

Uffizi-galleriet.
Galleria Vittorio Emanuele II.
National Gallery of Art

Innan arkitektur kan det visa til eit langt, smalt rom; ein overdekka balkong eller gang. I praktbygg kan galleri vera utsmykka med kunstverk, noko som har gjeve opphavet til det reine kunstgalleriet. Galleri kan byggjast langs ein yttervegg med same golvplan som rommet innanfor, men også heva over dette og i nokre høve skytande ut over det. I eit framsyningsrom som ein teatersal eller ei kyrkje kan ein ha galleri oppover veggane.

Eit av dei eldste kunstmusea er Galleria degli Uffizi i Firenze frå 1500-talet. Seinare har ein utvikla sjølvstendige galleri for utstilling og i mange høve også sal av kunstverk, særleg bilete. I nyare tid vert termen også brukt om biletframsyningar på nettstader.

Dei første kjøpesentra blei også bygde som galleri, og hadde namn etter dette, som Galleria Vittorio Emanuele II i Milano frå 1800-talet.

Ulike galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Galleri
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.