Galloromanske språk

Galloromanske språk er ei grein av dei romanske språka som omfattar fransk, oksitansk, frankoprovençalsk og fleire andre språk som vert snakka i det moderne Frankrike og det nordlege Italia. Saman med dei iberoromanske språka og dei retoromanske språka, utgjer galloromanske språka ein del av dei italovestlege språka.

Liksom alle romanske språk er dei galloromanske språka utgått frå latin. Dei har utvikla seg frå eit galloromansk urspråk som vart talt i Gallia mellom 300- og 800-talet.

Kjelder endre