Galtymore (irsk Gaibhlte Mór, stundom stava Galteemore) er eit fjell på grensa mellom County Limerick og Tipperary i Republikken Irland. Det er den høgaste toppen av innlandsfjella på Irland[1].

Galtymore
fjell
Land  Irland
Område Limerick, Tipperary
Fjellkjede Galteefjella
Høgd 917 moh.
Primærfaktor 825 m
Koordinatar 52°21′58″N 8°10′44″W / 52.366°N 8.179°W / 52.366; -8.179
Kart
Galtymore
52°21′58″N 8°10′44″W / 52.366°N 8.179°W / 52.366; -8.179
Wikimedia Commons: Galtee Mountains

Sjølve toppen av Galtymore ligg på grensa mellom grevskapa Limerick og Tipperary. Galtymore har bratte fjellsider, men toppen er brei, avrunda og steinete. På nordsida ser ein tydlege spor etter erosjon frå isbrear, og det har mange dalbotnar med botnsjøar, inkludert Lough Curra i vest, Lough Bohreen under toppen og Lough Muskry i aust.

Det er ikkje vanskeleg å nå toppen av Galtymore, men fjella her er brattare enn mange andre irske fjell og nordsida er ofte dekt av snø om vinteren.

Kjelder endre

  1. «Galtymore». Henta 20. mai 2007.