Republic of The Gambia

(norsk: Gambia, gambisk)

Det gambiske flagget Det gambiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «For The Gambia, Our Homeland»
Motto Progress, Peace, Prosperity ('Framsteg, fred og oppgongstider')
Geografisk plassering av Gambia
Offisielle språk Engelsk, mandinka, wolof, fula
Hovudstad Banjul
Styresett
Presidentialisme
Adama Barrow
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
11 295 km² (161.)
11,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 051 363 (146.)
181,6 /km²
Sjølvstende
Frå Storbritannia
18. februar 1965
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 269 mill. USD (169.)
1 800 USD (179.)
Valuta Dalasi


Toppnivådomene .gm


Gambia (engelsk The Gambia) er ein republikk i Vest-Afrika,[1] og det minste landet på det afrikanske kontinentet.[2]

Gambia er eit helst lite og smalt land som ligg langs Gambiaelva. Det er nesten totalt omringa av Senegal, men har ei kystline mot Atlanterhavet på 48 kilometer. Flatevidda er 10 689 km² og folketalet er 1 857 181 etter folketeljinga frå 2013. Banjul er hovudstaden i Gambia og det største byområdet.[3] Dei største byane er Serekunda og Brikama.[4]

Geografi endre

 
Kart over Gambia
 
Gambiaelva fotografert i 1990.

Gambia er eit lite og smalt land med grenser som følgjer det buktande løpet til Gambiaelva. Det ligg mellom breiddegradene 13 og 14°N, og lengdegradene 13 og 17°V. Landet rundt er flatt, og Gambia har ingen naturlege grenser. Elva er farbar gjennom heile landet. Hovudstaden Banjul ligg heilt i vest ved munningen av Gambiaelva i Atlanterhavet.[5]

Landet er under 50 km vidt på sitt vidaste, og dekkjer 10 689 km². Rundt 1 300 km² (11,5 %) av flatevidda er dekt av vatn. Flatevidda er litt mindre enn den til øya Jamaica.

Senegal omsluttar Gambia på tre sider. I vest har landet 80 km kyst mot Atlanterhavet.[6]

Dei noverande grensene til landet blei stadfesta i 1889 gjennom ein avtale mellom Storbritannia og Frankrike. Under forhandlingar i Paris gav Frankrike fyrst rundt kontroll over 320 kilometer (200 mi) av Gambiaelva til britane. Ein byrja å setja ut grensemarkørar i 1891, og deretter tok det nesten 15 år etter møta i Paris å fastsetja dei endelege grensene til Gambia. Dei rette linjene og bogane som følgde gav britane kontroll over rundt 16 kilometer (10 mi) nord og sør for Gambiaelva.[7]

Klima endre

Gambia har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Banjul har ein årleg nedbørsnormal på 1296 mm, som er representativt for resten av landet. Temperaturane held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april. I tørketida bles det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og denne kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lågare i denne tida, og temperaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lågare i tørketida.

Natur endre

Gambia omfattar tre økoregionar på land: Guineansk skog-savanne-mosaikk, vestsudansk savanne og guineansk mangrove.[8] Det finst savanne i opplandsområde og sump eller mangroveskog i dei lågare områda. Det finst over 500 fugleartar i landet, og større dyr som apar, vortesvin, antiloper, flodhestar[9] og krokodillar i og rundt elva. Villdyra blir pressa av folkesetnaden og av husdyra deira. Det finst nasjonalparkar og reservat i Gambia som Bijilo Forest Park, Abuko Nature Reserve, Kiang West National Park og River Gambia National Park.[5]

Historie endre

 
Steinsirklane i Senegambia dannar ifølgje UNESCO den største konsentrasjonen av steinsirklar nokon stad i verda.

Steinsirklane i Senegambia er eit breitt band av steinsirklar kring Gambiaelva som blei reist mellom 200-talet f.Kr. og 1500-talet. Ifølge UNESCO representerer dei eit varig, høgt organisert og rikt samfunn.[10] Det er ukjent kva folkegruppe som reiste desse steinane. Det finst arkeologiske prov på at mandingoar og berbarar kom til området kring Gambiaelva på 400-talet.[11] Fleire folkegrupper kom til dagens Gambia på 1100-talet grunna vestsudansk krigsuro.[5]

På 1200-talet var området del av Maliriket. Då dette riket braut saman oppstod dei fleire kongedøme i dagens Gambia. Dei viktigaste var Barra, Kombo og Fulladu.[12]

Kolonitid endre

 
Møte mellom ein britisk administrator, George Chardin Denton, og ein lokal hovding, Kalba Cham av Vest-Kommbo, i 1906.

På 1400-talet kom portugisarane til munningen av Gambiaelva, og på 1500-talet kom også britar og franskmenn til.[12] Dei oppretta handelsstasjonar og dreiv handel oppover elva. Dei var mest interesserte i å få tak i elfenbein, slavar og gull.

I 1651 sendte hertug Jakob av Kurland ein ekspedisjon under leiing av major Heinrich Fok for å skaffa koloniar i Vest-Afrika. Hertug Jakob kjøpte eigedommar frå fleire hovdingar (Kumbo, Barra og Kasana) ved Gambiaelva for å oppretta festningar og handelsstadane Fort Jakob, Fort Bayona og Fort Jillifree. Hertugen tapte områda i 1661.

Frå 1783 hadde Storbritannia herredøme over Gambia.[12] Fulaniriket Fuladu, som låg ved byrjinga av Gambiaelva, utvida makta si seint på 1800-talet.[5] Heile området blei likevel britisk kronkoloni i 1888,[13] etter at området rundt det britiske støttepunktet Bathurst (dagens Banjul) sidan 1821 hadde vore del av den britiske kolonien Sierra Leone.[14]

Sjølvstende endre

 
Arch 22 til minne om militærkuppet i 1994.

Gambia blei sjølvstendig i 1965. I 1982 skipa Gambia og Senegal ein føderasjon, Senegambia, som blei oppløyst att i 1989. Dette medførte ein del uro. I 1991 skreiv dei to landa under på ein vennskaps- og samarbeidsavtale.

President Dawda Jawara blei styrta i eit militærkupp i 1994 etter 32 år ved makta. Samtidig blei all politisk aktivitet forboden. I 1996 blei det gjennomført presidentval, og kuppmakaren Yahya Jammeh blei vald til president. Han blei attvald tre gonger til han tapte for Adama Barrow i 2016.

I 2015 utropte president Yahya Jammeh Gambia til ein islamsk republikk for å visa at landet hadde brote bande frå kolonihistoria si.[15] Utropinga blei omgjort av den nya presidenten Adama Barrow i januar 2017.[16]

Adama Barrow vann presidentvalet i byrjinga av desember 2016, men Jammeh nekta fyrst gå av. Han gav fyrst etter då nabolanda truga med militær inngriping. Jammeh drog i eksil til Ekvatorial-Guinea etter 22 år ved makta. Barrow blei president i januar 2017.[17]

Samfunn endre

Folkesetnad endre

 
Folketalspyramide
Folketal
i Gambia
År Millionar
1950 0,27
2000 1,2
2018 2,3

Gambia er eit av dei tettast folkesette landa i Afrika. Tre femdelar av innbyggjarane i Gambia bur i bymessige område, og elles bur innbyggjarane gjerne i landsbyar. Desse ligg gjerne i veldrenerte område eit stykke opp frå elva, eller i områda mellom opplanda og sumpområda nær henne. Sumpområda som er mest folkesette ligg langs midten av elveløpet, der det er mindre flaumfare.[5]

På 1970-talet byrja ein migrasjon frå landsbygda til byane som har halde fram sidan. Bybuar har gjerne slektningar på landsbygda, og det er tette sosiale band mellom by og land.[5]

SN sitt utviklingsprogram (UNDP) rangerte med sin Human Development Report frå 2010 Gambia som 151 av 169 land på si liste Human Development Index, slik at landet blei kategorisert som å ha «Low Human Development». Lista samanliknar forventa levealder, lengd på skulegang, bruttonasjonalinntekt per kapita og andre faktorar.[18]

Samla fødselstal (SFT) blei estimert til 3,98 barn per kvinne i 2013.[19]

Folkegrupper endre

Det bur ei rekkje ulike folkegrupper i Gambia, som kvar har ulike språk og tradisjonar. Mandinkafolk er dei mest talrike, følgd av fulaniar, volofar, jolafolk/karoninkafolk, serahule/jahanka, sererfolk, manjagofolk, bambarafolk, aku marabou, bainunka og andre,[20] som tukulor. Kriofolk, lokalt kjende som aku, utgjer ei av dei minste folkegruppene i Gambia. Dei stammar frå Sierra Leone-kreolar, og har tradisjonelt særleg budd i hovudstaden.

Rundt 3 500 innbyggjarar av ikkje-afrikansk avstamming omfattar folk av europeisk og libanesisk opphav (0,23 % av det totale folketalet).[21]

Språk endre

Engelsk er offisielt språk i Gambia, og blir brukt i offisielle samanhengar og i utdanningssystemet. Andre språk i landet er mandinka, volof, fula, serer, krio, jola og andre innfødde språk.[6] Mandinka og volof blir brukt som lingua franca.[5] Kjennskap til fransk, som er utbreidd i Vest-Afrika, er også nokså vanleg.

Mandinka er morsmålet til 38 % av innbyggjarane, fula til 21 %, volof til 18 %, soninke til 9 %, jola til 4,5 %, serer til 2,4 %, manjak og bainouk til 1,6 % kvar, portuguisisk kreol til 1 % og engelsk til 0,5 %. Det blir også tala ei rekkje andre språk av mindre grupper. Gambisk teiknspråk blir brukt av høyrslehemma.[22]

Religion endre

 
Bundungmoskeen er ein av dei største moskeane i Serekunda.

Rundt 96 % av innbyggjarane i landet reknar seg sjølv som sunnimuslimar. Bortsett frå rundt 0,1 % er resten av innbyggjarane, rundt 4 %, kristne. Artikkel 25 i grunnlova vernar om innbyggjarane sin rett til å utøva kva religion dei ønskjer, og det er vanleg for muslimar og kristne å gifta seg med kvarandre.[23][24]

Dei fleste muslimar i Gambia følgjer den muslimske lovskulen maliki.[25] Det finst også sjiamuslimar i Gambia, hovudsakleg på grunn av libanesiske og andre arabiske innvandrarar til regionen.[26] Dei fleste innbyggjarane av sørasiatisk opphav er også muslimar.[24] Mange av desse tilhøyrer ahmadiyya.[27][24] Det finst også nokre hinduar og bahaiar av sørasiatisk opphav.[24]

Dei fleste kristne bur vest og sør i landet. Dei fleste reknar seg som katolikkar. Det finst også fleire andre kristne grupper, som anglikanarar, metodistar, baptistar, adventistar, Jehovas vitne og ulike evangeliske grupper.[24]

Det er ikkje klart kor mykje tradisjonelle afrikanske religionar framleis blir praktiserte. Serer-religion har ein kosmologi som omfattar ein øvste guddom kalla Roog.

Økonomi endre

 
Proporsjonal framstilling av eksport frå Gambia i 2019

Gambia har ein liberal, marknadsbasert økonomi som byggjer på tradisjonelt sjølvbergingsjordbruk og historisk på eksport av jordnøtter (peanøtter), gjeneksportshandel bygd opp rundt havhamna, låge tollsatsar, lite byråkrati og ei vekslande valutarate utan offisiell styring, og ein viktig turistindustri.[21] I tillegg til peanøtter og peanøttprodukt blir det særleg eksportert bomull, ris og storfe.[5]

Jordbruket står for rundt 30 % av BNP og sysselset rundt 70 % av arbeidskrafta. Innan jordbruket står peanøttproduksjonen for 6,9 % av GDP, andre avlingar for 8,3 %, husdyrbruk for 5,3 %, fiske for 1,8 % og skogbruk for 0, 5 %. Industrinæringa står for rundt 8 % av GDP og tenestenæring for rundt 58 %. Ein avgrensa fabrikkindustri er hovudsakleg jordbruksbasert (t.d. peanøttprosessering, bakeri, eit bryggeri og eit garveri). Det blir også produsert såpe, leskedrikkar og klede.[21] Det blir framleis drive ein del tradisjonelle handverk, og typiske klede farga med indigo er framleis utbreidde.[5]

Gambia er avhengig av utanlandsk bistand.[5] Sidan 2017 har Kina stått bak investeringar i Gambia som del av Belte og veg-initiativet. Kinesisk aktivitet i Gambia har særleg fokusert på å prosessera lokal fisk til fiskemjøl for eksportmarknaden. Dei økonomiske og miljømessige følgjene av fiskemjølproduksjonen er omstridde.[28]

Kultur endre

Høgtider endre

 
President Adama Barrow i formelle tradisjonelle klede under den gambiske sjølvstendedagen 2017.

Offisielle høgtidsdagar er sjølvstendedagen 18. februar og opprettinga av den andre republikken den 22. juli. Elles feirar ein muslimske og kristne høgtider. Det meste av økonomisk aktivitet stoppar opp i Gambia under viktige muslimske høgtider, som tobaski (id al-adha) og koriteh (id al-fitr).[29][5]

Tradisjonelt har ein hatt samlingar med underhaldning i landsbyane under innhaustingstida og i den mindre travle tørketida.[5]

Serer-religion omfattar religiøse høgtidar som xooy, mbosseh og randou rande. Folk som følgjer denne religionen kan kvart år valfarta til Sine i Senegal for ein spådomsseremoni i samband med xooy.[30] Serer-religionen har også påverka senegambisk-muslimske tradisjonar gjennom høgtidsnamn som tobaski, gamo, koriteh og weri kor, med namn lånte frå gamle sererhøgtider.[31]

Jolafolk har også sine eigne religiøse skikkar, med boukout som ein viktig religiøs seremoni.

Klede endre

 
Folk på Serakunda marknad.

Tradisjonelle klede omfattar kjolen granbuba for kvinner, brukt i lag med eit skjørt, og ein laus drakt av skjorta turkia og buksene sirwal eller ein kaftan for menn.[32] Kvinner bruker ofte forseggjorte hovudtørkle, gjerne i same mønster som dei andre kleda. Menn kan bera kufi. Sterke fargar er vanlege. Kvardagsklede er enklare, med t-skjorte og vestlege bukser eller skjørt av sarongtype.[33]

Mat endre

For meir om dette emnet, sjå Gambisk mat.

Kosthaldet i Gambia omfattar peanøtter, ris, lauk, tomat, maniok, chili, kjøt, fisk og østers frå Gambiaelva. Ein kan bruka fersk og tørka fisk, og lagar ofte sausar av fisk eller peanøtter.[5] Rettane yassa og domoda er populære.[34] Graut av hirse eller ris er vanlege frukostrettar.[5]

Musikk endre

 
Korameisteren Mamadou

Gambisk musikktradisjon er tett knytt til den senegalesiske. Han har også blanda vestlege musikkstilar med sabar, den tradisjonelle tromme- og dansemusikken til volof- og sererfolk.[35] Trommer som djembe, taba, sabar, mblatt og gorong og strengeinstrument som kora, moolo og riti riti og balafon er viktige i tradisjonell musikk.[36] Den vestafrikanske tradisjonen med ein trubadur-forteljar (griot, jali eller gewel) finst også her, og kan både underhalda og formidla historie og slektskap.[5]

Dans er også ein viktig tradisjon, og kan framstilla aktivitetar som jordbruk, fiske og jakt eller vera knytte til seremoniar som bryllaup eller namngjeving.[37]

Sport endre

 
Tradisjonell bryting

Tradisjonelle former for bryting er ein gammal og populær sport i Gambia, og blir akkompagnert av trommer,[38][39] musikk, kostyme og dans.[5] Andre populære idrettar er fotball, basketball, cricket og friidrett.[5]

Utdanning endre

 
Skuleungar i Gambia

Den gambiske grunnloven seier at skulegang skal vera gratis og obligatorisk. Mangel på ressursar og infrastruktur har gjort dette vanskeleg i praksis.[40] I 1995 var utdanningsraten i grunnskulen (gross enrolment rate) 77,1 %.[40] Skulepengar var lenge eit stort hinder for barn i å gå på skulen, men i februar 1998 gav president Jammeh ordre om at dette skulle avskaffast for dei fyrste seks åra av skulegangen.[40]

Kjelder endre

  1. Daily Observer (Gambia) - President Jammeh Declares Gambia an Islamic Republic (publisert 14. desember 2015) Arkivert 2016-01-30 ved Wayback Machine. Besøkt 24. januar 2016
  2. Hoare, Ben. (2002) The Kingfisher A-Z Encyclopedia, Kingfisher Publications. s. 11. ISBN 0-7534-5569-2.
  3. «Banjul | national capital, The Gambia». Encyclopedia Britannica. Henta 7. april 2020. 
  4. «Population of Cities in Gambia (2019)». 
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 5,15 5,16 «The Gambia | Culture, Religion, Map, Language, Capital, History, & People | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 15. februar 2022 
  6. 6,0 6,1 «The Gambia». The World Factbook. Central Intelligence Agency. Henta 30. mai 2007. 
  7. Wright, Donald (2004). The World and a Very Small Place in Africa: A History of Globalization in Niumi, The Gambia. Armonk, New York: M.E. Sharpe. s. 149–150. ISBN 978-0-7656-1007-2. 
  8. Dinerstein, Eric; Olson, David; Joshi, Anup; Vynne, Carly; Burgess, Neil D.; Wikramanayake, Eric; Hahn, Nathan; Palminteri, Suzanne; Hedao, Prashant; Noss, Reed; Hansen, Matt; Locke, Harvey; Ellis, Erle C; Jones, Benjamin; Barber, Charles Victor; Hayes, Randy; Kormos, Cyril; Martin, Vance; Crist, Eileen; Sechrest, Wes; Price, Lori; Baillie, Jonathan E. M.; Weeden, Don; Suckling, Kierán; Davis, Crystal; Sizer, Nigel; Moore, Rebecca; Thau, David; Birch, Tanya; Potapov, Peter; Turubanova, Svetlana; Tyukavina, Alexandra; de Souza, Nadia; Pintea, Lilian; Brito, José C.; Llewellyn, Othman A.; Miller, Anthony G.; Patzelt, Annette; Ghazanfar, Shahina A.; Timberlake, Jonathan; Klöser, Heinz; Shennan-Farpón, Yara; Kindt, Roeland; Lillesø, Jens-Peter Barnekow; van Breugel, Paulo; Graudal, Lars; Voge, Maianna; Al-Shammari, Khalaf F.; Saleem, Muhammad (2017). «An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm». BioScience 67 (6): 534–545. ISSN 0006-3568. PMC 5451287. PMID 28608869. doi:10.1093/biosci/bix014. 
  9. Lewison, R. & Pluháček, J. 2017. Hippopotamus amphibius. The IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T10103A18567364. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2017-2.RLTS.T10103A18567364.en. Vitja 17. februar 2022.
  10. Centre, UNESCO World Heritage, «Stone Circles of Senegambia», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 26. januar 2023 
  11. Thuesen, Nils Petter (25. januar 2023). «Gambia». Store norske leksikon (på norsk). 
  12. 12,0 12,1 12,2 Store norske leksikon, snl.no: Gambia – republikk i Afrika, vitja 14. september 2010
  13. Access Gambia: Colonial System of Administration in Gambia, vitja 14. mars 2016
  14. Gambia: Historia. NE.se. Vitja 5. januar 2013.
  15. «Gambia utropas till islamisk republik av presidenten». Dagens Nyheter. Henta 12. desember 2015. 
  16. The Gambia: President Adama Barrow pledges reforms, Al-Jazeera English, 28. januar 2017
  17. «Adama Barrow återvände till Gambia». svenska.yle.fi (på svensk). Henta 26. oktober 2021. 
  18. «Human Development Report 2010». Human Development Report. 31. desember 2010. ISBN 9789210576987. ISSN 2412-3129. doi:10.18356/e5a0500a-en. 
  19. «TOTAL FERTILITY RATE». CIA World Factbook. Arkivert frå originalen 28. oktober 2009. Henta 13. oktober 2013. 
  20. National Population Commission Secretariat (30. april 2005). «2013 Population and Housing Census: Spatial Distribution» (PDF). Gambia Bureau of Statistics. The Republic of The Gambia. Arkivert frå originalen (PDF) 3. januar 2018. Henta 29. desember 2017. 
  21. 21,0 21,1 21,2 "Background note: The Gambia". U.S. Department of State (October 2008).
  22. Gambia. Ethnologue 24, 2021
  23. «CHAPTER IV – PROTECTION OF FUNDAMENTAL RIGHTS AND FREEDOMS». Constitution of the Republic of the Gambia. 1997. Arkivert frå originalen 12. desember 2008. Henta 14. januar 2009. «25. Freedom of speech, conscience, assembly, association and movement
    (1) Every person shall have the right to - [...] (c) freedom to practice any religion and to manifest such practice;»
     
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 «Gambia, The». International Religious Freedom Report 2007. Bureau of Democracy, Human Rights, and Labor. 14. september 2007. Henta 14. januar 2009. 
  25. Sait, Siraj and Lim, Hilary (2011) Land, Law and Islam Arkivert 13. august 2016 ved Wayback Machine.. Zed Books. s. 42. ISBN 1842778137.
  26. «Shia Presence in Gambia». Wow.gm. Arkivert frå originalen 14. september 2013. Henta 7. oktober 2013. 
  27. Breach of Faith. Human Rights Watch. juni 2005. s. 8. Arkivert frå originalen 14. mars 2017. Henta 20. juni 2015. 
  28. «Fish Farming is Feeding the Globe. What's the Cost for Locals?». The New Yorker. 26. februar 2021. 
  29. Burke, Andrew and Else, David (2002) The Gambia & Senegal. Lonely Planet. s. 35. ISBN 1740591372.
  30. Kalis, Simone (1997). Medecine Traditionnele Religion et Divination Chez Les Seereer Siin Du Senegal. L'Harmattan. ISBN 2-7384-5196-9
  31. Diouf, Niokhobaye (1972). «Chronique du royaume du Sine, suivie de Notes sur les traditions orales et les sources écrites concernant le royaume du Sine par Charles Becker et Victor Martin (1972)». Bulletin de l'IFAN 34B (4): 706–7, 713–14. 
  32. «Gambia Dress Code», www.accessgambia.com, henta 26. januar 2023 
  33. Briggs, Philip; Fenton, Simon (21. november 2017), The Gambia (på engelsk), Bradt Travel Guides, s. 20, ISBN 978-1-78477-064-8, henta 16. februar 2022 
  34. «Traditional food and drink in the Gambia». www.gambia.co.uk (på engelsk). Arkivert frå originalen 21. februar 2018. Henta 20. februar 2018. 
  35. «FolkWorld #71: Africa». www.folkworld.eu. Henta 30. mai 2020. 
  36. Briggs, Philip; Fenton, Simon (21. november 2017), The Gambia (på engelsk), Bradt Travel Guides, s. 20, ISBN 978-1-78477-064-8, henta 16. februar 2022 
  37. Briggs, Philip; Fenton, Simon (21. november 2017), The Gambia (på engelsk), Bradt Travel Guides, s. 18, ISBN 978-1-78477-064-8, henta 16. februar 2022 
  38. «SWR - Spiele der Welt - Wrestling in Gambia», www.planet-schule.de, henta 15. februar 2022 
  39. Briggs, Philip; Fenton, Simon (21. november 2017), The Gambia (på engelsk), Bradt Travel Guides, ISBN 978-1-78477-064-8, henta 15. februar 2022 
  40. 40,0 40,1 40,2 "The Gambia". 2001 Findings on the Worst Forms of Child Labor. Bureau of International Labor Affairs, U.S. Department of Labor (2002).

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gambia