Gammaglimt er dei mest kraftige eksplosjonane i universet sidan Big Bang og det mest lyssterke fenomenet ein kjenner til.[1] Gammaglimt skjer på avstandar av milliardar av lysår og består av ein kraftig utladning av gammastråling og ein seinare etterglød i synleg lys. Gammaglimt kan vara i alt ifrå millisekund til fleire minutt.[2]

Bilete av den optiske ettergløden til gammaglimt GRB 990123.

Sannsynet for at ei av desse strålene treff jorda, er forsvinnande liten, men dersom det skulle skje, ville det ha øydeleggjande verknad for livet på jorda.[3]

Opphav endre

 
Illustrasjon av ei massiv stjerna som kollapsar og dannar eit svart hòl.

Det finst ulike teoriar for kva som er opphavet til gammaglimt:

I det første scenarioet går kjernen til ei massiv stjerna tom for kjernar som kan fusjonerast med energigevinst.[4] Dette skjer når kjernen består av jern, og kjernen vil no kollapsa til eit svart hòl om stjerna er massiv nok.[4] Store mengder frigjord energi vil so skapa to jetstråler av partiklar med relativistisk fart som går ut frå polane til stjerna.[5] Dette vil kunna bli observert som eit gammaglimt om ei av jetstrålene peikar mot jorda.[5]

I det andre scenarioet vil samanslåinga av to nøytronstjerner eller ei nøytronstjerna og eit svart hòl føra til at store energimengder blir frigjorde og igjen gje opphav til to jetstråler som kan registrerast som gammaglimt.[5]

Historia endre

Gammaglimt blei først observert i 1967 av dei amerikanske Vela-satellittane som leitte etter energirik gammastråling som skulle stamma frå sovjetiske atomprøvesprengningar på baksida av månen.[6] I staden oppdaga satellittane gammastråling frå andre stader i universet; utan at ein visste kor dei kom ifrå.[6] Seinare observasjonar har vist at gammaglimt skjer på svært store avstandar på milliardar av lysår.[6]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Swift Explorer - News Media Kit» - PDF-dokument med informasjon om Swift-sonden på prosjektet si heimesida.
  2. «Gamma-Ray Bursts: Introduction to a Mystery» NASA's Imagine the Universe om gammaglimt.
  3. «Gammaglimt», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014 
  4. 4,0 4,1 [http://science.nasa.gov/newhome/headlines/ast02nov99_1.htm «Taking a ringside seat for a gamma-ray burst»] Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine. - Artikkel om gammaglimt frå 1999 hos NASA.
  5. 5,0 5,1 5,2 «Universets voldsomste hemmeligheter skal avsløres» - artikkel av Knut Jørgen Røed Ødegaard om oppskytinga av romteleskopet Swift.
  6. 6,0 6,1 6,2 «Tidenes kraftigste lysblaff fra gammaglimt» - artikkel av Knut Jørgen Røed Ødegaard om det krafigaste gammaglimtet registrert (2008).