Gandsfjorden er ein sidefjord til Boknafjorden i kommunane Sandnes og Stavanger i Rogaland fylke. Fjorden startar like vest for Stavanger sentrum og strekkjer seg 15 km sørover til byen Sandnes, som ligg inst i fjorden.

Gandsfjorden
fjord
Gandsfjorden sett frå Sandnes
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommunar Sandnes, Stavanger
Kart
Gandsfjorden
58°54′47″N 5°45′37″E / 58.913166666667°N 5.7602777777778°E / 58.913166666667; 5.7602777777778
Wikimedia Commons: Gandsfjorden

Gandsfjorden har ein sidefjord, Riskafjorden, som går søraustover på sørsida av øya Uskjo eit godt stykke ute i fjorden. Riskafjorden har innløp like ovanfor Hillevåg i Stavanger.

Satellittbilete av Stavanger-halvøya som viser Gandsfjorden til høgre, medan Hafrsfjord ligg til venstre. (Kjelde: NASA WorldWind)

Heile vestsida av Gandsfjorden er tett busett og utbygd. Sjølve Stavanger ligg lengst nord og vidare sørover finn ein Hillevåg, Jåttåvågen, Hinnavågen, Forus og til slutt Sandnes. Jåttåvågen og Hinnavågen ved Gandsfjorden vart nytta som byggjestad for Condeep-oljeplattformar. Austsida av fjorden har fleire fjell og nutar, som Lifjellet (282 m) og Dalsnuten (323 m) og mindre utbygde område som Sandvika og Dale.

I dei ytste delane av fjorden ligg det fleire øyar. Utanom Uskjo finn ein Kalvøy, Hellesøy, Lindøy, Vassøy, Roaldsøy, Ormøy, Engøy, Sølyst og Grasholmen. Over Grasholmen, Sølyst og Engøy er det brusamband mellom Stavanger og Hundvåg og vest for desse ligg Byfjorden. Nord for Vassøy, Lindøy og Hellesøy ligg Horgefjorden. Vest for Kalvøy ligg innløpet til Høgsfjorden.

Kjelder endre