Gangkhar Puensum er med sine 7 570 meter over havet det høgste fjellet iBhutan og til dags dato det høgste fjellet på jordkloten der det ikkje har vore menneske på toppen.

Gangkhar Puensum i det fjerne

Den nøyaktige høgda på Gangkhar Puensum er usikker, då området det ligg i er lite utforska og oppmålt. Dei oppgjevne 7 570 moh. er etter ein britisk ekspedisjon som i 1986 gav opp å na toppen av Gangkhar Puensum.

Det er elles ikkje klart om toppen ligg inne i Bhutan, då Folkerepublikken Kina og Bhutan stridest om kvar landegrensa nøyktig går mellom dei to landa i dette lite tilgjengelege fjellområdet.

Bhutan har sidan 1994 forbode fjellklatring over 6000 moh på Gangkhar Puensum og nærliggjande fjell, då lokalbefolkninga held fjellet for å vere bustad for ånder og gudar.

Kjelder endre