Gangspel eller forhalingsvinsj er ein roterande vertikal trommel - noko smalare over midten enn ved endane - som blir bruka til å heva eller flytta tunge gjenstandar, særleg i samband med sjøfart. Det fungerer ved at ein legg løkker av tau, kablar, kjetting eller trosser over trommelen som blir låst av i seg sjølv. Gangspel blir nytta til overføring av sterke horisontale drag i trosser ved forhaling. Ved nokre høve kan ein også løfta anker med gangspel.

Eit gangspel.
Demonstrasjon av gangspel.

På handdrivne gangspel stikk ein lange, lause spakar inn i hol i toppen av speltrommelen, og ein eller fleire personar er på kvar spak.[1]

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. «Gangspill». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 8. august 2018. 

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.