Garving er ein reinse- og konserveringsprosess der hud vert omdanna til lêr.

Tysk plansje som viser arbeid med skinn og huder på eit garveri omkring 1880
Arbeid ved eit tradisjonelt garveri og fargeri i Fez i Marokko

I garveprosessen kan ein bruke vegetabilske, mineralske eller animalske garvestoff. Vegetabilsk garving var kjend heilt attende til førhistorisk tid, semsgarving er kjend frå antikken og mineralsk garving med alun eller koksalt er kjend frå tidleg mellomalder.

Vegetabilsk garving endre

Ved vegetabilsk garving (barking) vert huda lagt i vassbad til håra kan fjernast. Samstundes vert knust bork lagd i eit kar med vatn slik at garvestoffa trekkjer ut. Den hårlause huda vert så lagd i badet for barking. Etter barkinga vert underhuda skrapa vekk frå lêret.

Eikebork inneheld mykje garvestoff, men bork av bjørk og selje har vore meir brukt i Noreg. Garving med seljebork gir lysbrunt lêr, medan bjørkebork gir mørkt lêr.

Alungarving endre

Ved alungarving eller kvitgarving vert det brukt alun eller koksalt som garvemiddel. Saltet konserverer håra eller ulla, slik at det ikkje er nødvendig å røyte huda før garvinga. Metoden er helst bruka på skinn av sau, geit og småvilt.

Semsgarving endre

Ved semsgarving, trangarving eller feittgarving vert skinnet røytt med kalk før det vert innsmurt med feitt eller tran, bløytt og banka. Tradisjonelt vert det helst brukt skinn av småfe til semsking, og semska skinn vart brukt til klede.

Semsgarva skinn vert enno bruka til pusseskinn.

Kromgarving endre

Kromgarving vart oppfunnen i 1853 og kom i praktisk bruk i 1870-åra. Metoden går ut på å få kromsalt i tilstrekkeleg mengd inn i rålêret. Metoden har mange fortrinn framfor vegetabilsk garving. Kromlêr toler nær innpå dobbelt så høg temperatur og det toler betre vatn og det er mjukare. Av den grunn vert det meste av overlêr, lêr til klede og og møbellêr kromgarva. Sålelêr, beltelêr, pakningslêr og bokbindarlêr vert enno garva vegetabilsk, sidan slikt lêr er fastare, mindre elastisk og mindre porøst.

Kombinasjonsgarving endre

Ein kan kombinere kromgarving og vegetabilsk garving. Slikt lêr vert bruka til møbellêr.

Kjelder endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Garving