Gaspard Monge

fransk matematikar, politikar og fysikar

Gaspard Monge, Comte de Péluse (9. mai 174628. juli 1818) var ein fransk matematikar og skaparen av deskriptiv geometri.

Gaspard Monge

Gaspard Monge
Fødd9. mai 1746
Beaune
Død28. juli 1818 (72 år)
Paris
NasjonalitetFransk
Områdedifferensialgeometri
YrkeMatematikar
InstitusjonarUniversitetet i Paris
École polytechnique
École royale du génie de Mézières
Institut d'Égypte
Alma materÉcole polytechnique
Kjend fordeskriptiv geometri
EktefelleMarie-Catherine Monge
MedlemSociété philomathique de Paris
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
frimureri
Society of 1789
Accademia delle Scienze di Torino

Han var professor i Mézières i 1768 og i Paris frå 1780, først delt mellom dei to universiteta, og frå 1783 berre i Paris. Monge slutta seg med begeistring til den franske revolusjonen og vart seinare ein ven og medarbeidar av Napoleon Bonaparte, som han følgde til Egypt. Monge var marineminister 1792–1793. I 1795 vart han professor ved École normale og han var seinare hovudmannen bak opprettinga av École polytechnique, der han òg var professor. Etter Napoleon fall, kom han i unåde og levde tilbaketrekt.

Kjelder endre

«Gaspard_Monge» i Store norske leksikon, snl.no.