Ei gassmaske er ei maske som vert nytta til å verne brukaren mot røyk, giftig eller skadeleg gass i lufta. Maska dekkjer munn og nase, men kan òg verne auge og hud. Ein vanleg variant er gassmasker med kolfilter.

Gassmaske brukt i den fyrste verdskrigen
Gassmasker brukt i den fyrste verdskrigen.

Bruk av gassmasker i krig endre

Militære einingar vert utstyrt med gassmasker, om det er risiko for åtak med kjemiske våpen. Gifta vert utskoten til dømes med artillerigranatar, rakettar eller flybomber. Kjemiske våpen i moderne form vart brukte fyrste gong under 1. verdskrigen. Etter det har kjemiske våpen ikkje vore mykje nytta mot store militære einingar. I Irakkrigen frykta koalisjonsstyrkane at Saddam Hussein gøymde kjemiske våpen. For å beskytte seg mot kjemiske åtak var soldatane var med gassmasker og vernedrakter.

Bakgrunnsstoff endre