Gaula i Trøndelag

(Omdirigert frå Gaula i Sør-Trøndelag)

Gaula er ei elv som renn ut ved Gaulosen i Leinstrand i Trøndelag. I sør startar ho frå innsjøen Gaulhåen i Holtålen kommune. Gaulhåen har tilsiget sitt frå Kjølifjellet (1288 moh.), som er grensefjell mellom Tydal og Holtålen. Viktige sideelver til Gaula er Rugla, med utløp frå Ruglsjøen i Røros kommune, Hesja og Hulta i Holtålen, Forda, Bua og Sokna i Midtre Gauldal og Lundesokna i Melhus kommune, og desse dannar ei stor og kjend lakselv som munnar ut i Trondheimsfjorden ved Sundet Gård i skiljet mellom Leinstrand og Byneset i Trondheim kommune. Gaula er ca. 145 km lang.

Gaula ved Kotsøy i Gauldalen

Sportsfiske endre

I 2005 var Gaula beste norske lakseelv med eit oppfiska kvantum på 37,5 tonn.

Forureining endre

Elva var lenge utsett for forureining (avrenning) frå gruvene Muggruva, Kjøli gruver, Killingdal gruver og gruvesjakta i Bjørgåsen. På 1980- og -90-talet vart det gjort omfattande tiltak ved Kjøli og Killingdal gruver, noko som har redusert forureininga av tungmetall kraftig.

Landskapsvern endre

Gaula-vassdraget vart varig verna av Stortinget i 1985 i medhald av Verneplan III for vassdrag etter å ha vore behandla i Sperstad-utvalet.

Sjå òg endre